Blei du lurt?
Plus
Heimebrent stoppar Atløysambandet, sex-russesongar på nynorsk, sinna-PT i Førde, sherpatrapper opp til Gytta og breiflabb-mord.
Ein god latter forlengjer livet. Så får ein avgjere sjølv om ein blei yngre eller eldre 1. april. Det var i alle fall mange forsøk!
Har du kanskje lyst på ein sinna-PT? PT-Petter på Puls Førde garanterer stølheit med ein litt alternativ metode:
Konkurrenten Spenst Førde ville sjølvsagt ikkje vere dårlegare, og køyrde på med ein nyheit like kvalmande som tanken over å bli trent av ein sinna PT-Petter:
Til og med Firdas redaktør prøvde seg, men Sogn og Fjordane kan nok puste letta ut: Det er, etter det journalisten kjenner til, ikkje planlagt noko Vekas Fjogning i Firdas kanalar med det første.
Den kanskje mest opplagde spøken kom frå Torun Lucassen om Gytta. Sunnfjord kommune og pengar til overs er to ting som ikkje går i lag.
Firda har slutta med 1. april-spøkar, men om vi skal hatt ein, kunne vi dratt den Teater Vestland gjorde: Bort med nynorsken!
Det kan hende ein og annan austlending i redaksjonen (underteikna kan vere inhabil her) hadde sett pris på å sleppe å slå opp i ordboka kvart femte minutt, men nynorsken er her for å bli. Heldigvis også på Teater Vestland!
«Bokmålshuset» er det liksom ikkje like mykje schwung over.
Viss ikkje «breiflabbmord» er ein god kandidat til årets nyord, veit ikkje eg. Havforskingsinstituttet er i alle fall i krim-humør, og varta opp med ein skikkeleg lekkerbisken:
Lengre ut imot havet bygg dei bru. Men det er ikkje berre pengane som er problemet for Atløysambandet. At dei drar uskyldige Firda inn i det får vi leve med på ein dag som 1. april. Det er sikkert ikkje det verste vi har meld, uansett.
Gondolbaner er det framleis planar om i Jølster, men at det var det i Gulen òg, nei, sjå det var nytt:
I Florø har dei for vane å bruke utestemme. No skal dei bruke dyrestemme òg.
Sidan vi er i dyreriket, tar vi med ein «labrador» på tampen.
– Skal ein først syngje om fyll, tvilsam seksuell kultur og unge menneske med gamalt kvinnesyn bør ein gjere det på nynorsk også, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, som meinte halvparten av songane skulle vere på nynorsk.
På 1. april, altså.
Video reel i artikkel