Så mykje aukar bomtaksten rundt Førde
Plus
Bomrekninga kryp opp mot 13.000 kroner i året.
Bompengeselskapet Ferde søker Vegdirektoratet om å prisjustere bomtakstane i Førdepakken.
Dette er ein årleg sak; takstane kan bli justerte i samsvar med prisutviklinga.
Ferde legg til grunn endringa i konsumprisindeksen frå snittet i 2024 til februar 2026. Den ligg på 5,34 prosent.
Takstane i Førdepakken blei sist justert mai i fjor. Då til 43 kroner (ordinær takst før Autopass-rabatt) for ein personbil.
No blir det ytterlegare to kroner opp, til 45. Med Autopass-avtale betalar du 36 kroner passeringa. Med 30 passeringar i månaden, som er makstaket, i eitt år landar ein vanleg bilist på ein bomrekning på 12.960 kroner.
Har du elbil, får du rabatt. Då er du på 9.072 kroner i året.
Større køyretøy får auka taksten sin frå 79 til 83 kroner.
Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune har vedtatt at prisjusteringane kan gjerast i høve konsumprisindeksen utan vidare politisk handsaming.
Takstane blir truleg enda i mai, som dei blei i fjor.
Slik kan det bli: Sjå forslaga
Har fått jobb til 400 millionar: – Største jobben vi har fått!
– Det er ein stor milepæl
– Passert smertegrensa
Klar beskjed i konfliktsak: – Vil gi Førde eit solid løft dei neste 50 åra
Firda Billag-topp kritisk til buss-løysingane. Har eigne forslag