Bilbrann i Vik og grasbrann i Høyanger
Plus
Det brenn i ein bil i Flatbygdi i Vik i Sogn torsdag ettermiddag.
Bilen står tett attmed eit rekkehus, og det skal vere spreiingsfare.
Få minutt etter meldinga er brannvesenet framme på staden.
Dei skal ha slått ned flammane og ha kontroll, melder Stian Kvam i 110 Vest kl. 17.03.
Like etterpå melder Kvam at det ikkje lenger er spreiingsfare. Bilen er frakta vekk i 18.10-tida.
Kart med ID 514596
Samstundes kjem det inn meldingar om grasbrann i Hjetlandsbakkane i Høyanger.
Brannen skal ikkje truge nokre bygg. Brannvesenet er framme på staden og driv sløkking. Eitt kvarter seinare er meldinga at brannen er sløkt:
– Brannvesenet begynner å dynke området slik at det ikkje skal blusse opp att, opplyser Kvam.
Kart med ID 514599
🏷️ Extracted Entities (8)
Høyanger
(entity)
Vik
(place)
Stian Kvam
(person)
ID
(entity)
Flatbygdi
(entity)
Hjetlandsbakkane
(entity)
Sogn
(entity)
Vest
(entity)