– Eg vil kjempe for at det går betre enn i Fana
Plus
Endre ifrå Fana er ny nestleiar i Norsk Målungdom.
Endre Helland Gujord er vald til ny 2. nestleiar i Norsk Målungdom. 20-åringen frå Fanahammaren har vore ein profilert målmann i fleire år. Han har vore styremedlem i Målungdommen og var leiar for Katten Målungdom då han gjekk på skule i heimbyen.
Då han flytta til Oslo i haust, vart han vald til leiar av Studentmållaget i Oslo.
– Eg kjenner meg veldig klar for å halda fram engasjementet mitt, og jobba for ei samla rørsle for alle nynorskbrukande og språkengasjerte ungdomar av alle slag, seier Gujord.
Skrekkeksemplet Fana
Det var førre helg Målungdommen hadde landsmøte i lokala til St. Paul skole i Bergen.
Gujord har vore i sentralstyret i to perioder og rykkjer no fram til rolla som 2. nestleiar. For han er heimplassen eit eksempel på kvifor målkampen enno skal kjempast.
– Eg kjem jo ifrå Fana, der det på eit tidspunkt var fleirtal av nynorske skulekrinsar, då me var eigen kommune. Eg vil kjempa for at det skal gå betre med nynorskskulane rundt om kring i landet i dag enn det diverre gjekk med dei i Fana.
Kampsakene til Målungdommen framover vert å styrkja nynorsken i skulen og høgare utdanning, og reell jamstilling imellom nynorsk og bokmål i ein digital kvardag.
I love the smell of nynorsk in the morning
Vest, midt og aust
Styret i Målungdommen er sett saman av ungdommer ifrå store deler av Noreg.
Når Gujord tek over vervet i juli, skal han arbeide saman med leiar Vinsent Natvik frå Alver, 1. nestleiar Johannes Rønning (Ørland) og styremedlemmer Torunn Fure (Oslo), Maciej Szymanski (Ulstein), Sigrid Sofia Skovly (Nordre Follo) og Weronika Margol (Asker).
Feirer 100 år med Nynorsk salmebok