Herold

Rødt, SP og AP med eit godt og rettferdig  statsbudsjett

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Kjartan Kvellestad Published: 2025-12-01 14:05:48 Last updated: 2025-12-01 14:06:13
Rødt, SP og AP med eit godt og rettferdig  statsbudsjett

Samarbeidet har gitt eit statsbudsjett som er meir rettferdig enn om Ap hadde fått styrt aleine.

Rødt, SP og AP med eit godt og rettferdig  statsbudsjett

Kjartan Kvellestad

Fagleg leiar, Rødt Molde

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Og langt meir rettferdig enn om Erna og Listhaug hadde fått styrt med sine store skattekutt for dei rikaste, som Mimir Kristianson seier.

For Rødt er dette eit historisk godt resultat. Saman med AP og SP har vi fått gjennomslag for Rødt sine prioriterte saker. Rødt gjekk til val på å få ned forskjellane mellom folk og distrikt, ei tannhelsereform som gjer tennene til ein del av kroppen, og å styrke arbeidstakarane sine rettar i arbeidslivet.

Rødt sin innfallsvinkel til forhandlingane har vore å finne fram til rødgrønne saker som samlar venstresida, i staden for å leite etter usemje. Som Marie sa i starten av forhandlingane: «Vi må slutte å slamre med dørene, det er resultata som tel».

Og Rødt er godt nøgd med resultata og vil trekkje fram følgjande:

· Vi starta på ei tannhelsereform som blir fullført i 2027, der tennene no blir behandla som ein del av kroppen

· Styrka kommunal – og fylkeskommunal økonomi

· Fribeløpet i folketrygda blir auka til 1G

· Ingen gruvedrift på havbotnen dei neste fire åra

· Auka CO-2 avgift for oljeselskapa

· Auka rammer for Husbanken

· Styrkar arbeidstilsynet

· Meir pengar til gjennoppbygging av Gaza, og auka innsats for å stille Israel ansvarleg for sine brotsverk på Gaza

Dette er eit godt budsjett som går i rett retning av det som rødgrøn side gjekk til val på og som speglar det som har vore dei samlande saker for alle partia på venstresida. Det er synd at SV og MDG valde å bryte. Vi håper dei til slutt stemmer for slik at den gode slagsida i budsjettet ikkje blir svekka ved behandlinga i Stortinget.

For Rødt er det å få gjennomslag for våre veljarar og arbeidarklassen sine saker viktigare enn prestisje for partiet.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Statsbudsjettet, Rødt, Debatt
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Statsbudsjettet, Rødt, Debatt