Herold

Urhaug vs. Løke - teknikk mot råskap

Plus
Kilde: NH Author: Arthur Kleiveland Published: 2026-04-01 13:27:13
Urhaug vs. Løke - teknikk mot råskap

Bordtennis-kongen vår Tommy Urhaug er klar til kamp i bokseringen mot rabulisten og showmannen Frank Løke.

– Pengesekken for å kunne satsa fram til OL i 2028 er tom, og då må eg ta nokre drastiske steg, seier Urhaug med glimt i auga.

Radværingen elskar aprilspøkar.

På sosiale medium skriv Urhaug at han aldri hadde trudd at han måtte gå så langt, men kva gjer ein ikkje når det ikkje finst andre alternativ? Seier han knytt til ein strålande plakat på Facebook-sida si med følgande oppslag:

«Urhaug vs. Løke – teknikk mot råskap»

– Dette blir stil mot stil. Han kan i alle fall ikkje springa frå meg, smiler Urhaug.

«Du skal få så juling»

Den olympiske meisteren frå Radøy kjenner Frank Løke frå før, og følte seg overtydd om at Løke er typen som ville ta aprilspøken med humør.

«Du skal få så juling», er kommentaren tilbake frå Løke på spøken.

Frank Løke har tidlegare bølla seg i eit oppgjer mot den tidlegare bokseproffen Ole «Lukkeøye» Klemetsen, utan særleg hell.

Så får vi sjå korleis han står imot backhanden til bordtennisesset.

Litt alvor i spøken

Tommy Urhaug synest det er kjekt med aprilspøkar.

– Det er ikkje så veldig mykje meir som ligg bak. Men for å få støttespelarar med på laget fram mot OL i Los Angeles, så handlar det jo om å by på seg sjølv og kanskje tenkja litt utanfor boksen, seier han.

Tommy Urhaug har lenge hatt eit mål om å få med seg eit lag av lokale sponsorar fram mot OL i 2028, men det har vist seg å vera vanskeleg.

– Behovet for meir midlar er jo alltid der, så det er jo ein evig kamp. Spelarar frå nasjonane eg konkurrerer med pøser på med midlar inn i paraidretten. Og då må eg henga med så godt eg kan. No skal det seiast at eg har ein fin gjeng med meg, så eg klagar ikkje. Eg set utruleg pris på dei, seier Urhaug.

Løke sine sprell

Han peikar på at det har vore mykje blest rundt Frank Løke sine sprell, og det er grunnen til at han valde denne vinklinga på spøken.

– Om det skulle føra til ein ny sponsor eller to, så seier eg ikkje nei til det. Og kven veit – kanskje blir det eit oppgjer med Løke ein gong i framtida, seier den dobbelte OL-vinnaren med eit stort smil.

🏷️ Extracted Entities (8)

Frank Løke (person) Urhaug vs. Løke – teknikk mot råskap (entity) Facebook (entity) Los Angeles (place) Lukkeøye (entity) Ole Klemetsen (person) Radøy (place) Tommy Urhaug (person)