Framleis skyhøge drivstoffprisar: – Heilt uoversiktleg for forbrukarane
Ved midnatt blei drivstoffavgifter fjerna. Men høge prisar tyder på for dårleg konkurranse, meiner Forbrukarrådet.
Forventningane var lågare drivstoffprisar etter avgiftskuttet ved midnatt onsdag, då avgiftene på bensin blei kutta med 4,41 kroner per liter, og diesel med 2,85 kroner.
Slik blei det ikkje overalt.
I denne saka kan blant anna lese om:
- Kva Forbrukarrådet seier
- At fleire opplever at [prisane ikkje svara til forventningane](#Ikkje ein aprilspøk)
- Kva opposisjonen meiner
- Kva [bensinstasjonskjedene svarer](#Dette svarer bensinstasjonkjedene)
- Kvifor [drivstoffprisane har blitt dyrare](#Krigen i Midtausten)
- Nordmenn som heller kjøper drivstoff i Sverige
Dårleg konkurranse
Kort tid etter at klokka bikka midnatt, steig prisane raskt opp igjen ved bensinpumpene fleire stader i landet. Det får Forbrukarrådet til å reagere.
– Vi stussar veldig på at prisane gjekk opp ved midnatt. Vi forventar at prisane går ned slik som avgiftsletta tilseier. Det er jo heile poenget.
Det seier Olav Kasland, fagsjef marknad i Forbrukarrådet, til NRK.
– No er det heilt uoversiktleg for forbrukarane. Det er umogleg å finne ut av kva drivstoffprisane kjem til å vere, seier han.
– Konkurransen er alt for dårleg.
– Ikkje ein aprilspøk?
På ein bensinstasjon i Asker steig prisane raskt opp etter midnatt.
– Eg synest det er heilt absurde prisar, seier Deni som NRK treffer på Circle K natt til onsdag.
Han og kameraten Isa skal fylle diesel på bilen før ein tur til Haugesund. Men dei synest det er dyrt.
Deni og Isa var innom for å fylle tanken ved midnatt.
Då dei to mennene får høyre at avgiftskutta gjeld frå 1. april, kjem reaksjonen raskt:
Ved Circle K i Asker gjekk prisen opp ved midnatt.
– Seriøst? Det er ikkje ein aprilspøk?
Nei, det er ikkje ein aprilspøk. Likevel endra ikkje prisane seg så mykje ved denne stasjonen.
- Klokka 23.15: Bensin 26.29 og diesel 29.27
- Klokka 23.59 var prisane litt lågare: Bensin 21.88 Diesel 26.42
- Klokka 00.00 gjekk dei opp igjen: Bensin 26.29 og diesel 29.27
Kutta frå politikarane held ikkje, meiner Deni.
– Prisen bør ned til 17–19 kroner. Det er greitt, synest eg.
Fleire stader ligg prisane på same nivå som før kuttet:
Meiner det er lureri
Ved ein bensinstasjon i Førde kosta diesel 24,99 kroner per liter klokka 23.40.
Klokka 05 hadde prisen stige til 26,81 kroner.
Ein av dei som reagerer, er Arne Nistad, som eig Nistad Transport i Sunnfjord.
– Dette er lureri, rett og slett. I går sette dei dieselprisen opp til nesten 30 kroner, og no er prisen høgare enn han var tidlegare på dagen. Det verkar som ein dårleg aprilspøk, seier han.
Slik svarar bensinstasjonskjedene:
Frp: – Det er uakseptabelt
Leiaren i det største opposisjonspartiet, Sylvi Listhaug (Frp) reagerer på prisutviklinga.
– Det er uakseptabelt dersom ikkje avgiftsreduksjonane kjem forbrukarane til gode. Frp forventar at prisane blir sette ned tilsvarande avgiftskuttet, inkludert moms. No må drivstoffkjedene kjenne si besøkstid, seier ho til NRK.
Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Frp var ein del av fleirtalet som stemte for å kutte avgifta.
– Kan ekspertane ha hatt rett i at drivstoffkuttet er eit lite treffsikkert tiltak for å betre økonomien til folk flest?
– Nei, vi forventar at prisane blir sette ned med ein gong.
Det er arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) einig i.
– Selskapa må rette seg etter kuttet i avgifter og syte for at prisane på drivstoff no blir sette ned. Når Stortinget brukar 6,7 milliardar på lågare avgifter, forventar vi at selskapa ikkje berre puttar det rett i eiga lomme, seier ho til NRK.
– Eg forventar at drivstoff no blir billegare. Avgiftskuttet må merkast på pumpa og kome folk til gode.
Arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) seier det er uaktuelt at drivstoffselskapa puttar pengane rett i eiga lomme når Stortinget bruker milliardar på lågare drivstoffavgifter.
Krigen i Midtausten gjer drivstoff dyrare
Idet påska startar 1. april, blir vegbruksavgifta på drivstoff sett til null.
Onsdag i påskeveka er ein av dei travlaste dagane i påsketrafikken, ifølge Statens vegvesen.
Det er på grunn av krigen på Iran at drivstoff har blitt dyrare.
Mellom anna fordi Hormuzsundet, kor mykje olje vanlegvis blir frakta gjennom, er stengt.
Senterpartiet sikra fleirtal for hastebehandling av eit Høgre-forslag om billigare bensin. Alle dei andre raudgrøne partia stemte imot.
Endringa er mellombels og gjeld frå 1. april til 1. september.
Sjølv om avgifta blir kutta, så kan prisane likevel stige som følge av andre faktorar.
Her kan du lese om nordmenn som reiser til Sverige for å kjøpe drivstoff:
Trur prisane vil stige igjen
Forskar meiner prisane fyrst kan falle, før dei gradvis aukar igjen.
– Eg trur pumpeprisane fell tilsvarande avgiftsreduksjonen i byrjinga, før dei så går sakte oppover att, seier forskingsleiar Alexander Schjøll ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO til NTB.
Han peikar på at bensinstasjonskjedene må dekke inn eigne kostnader.
– Det er kostnader bensinstasjonskjedene må få tilbake. Dei har ein auka kostnad fordi verdien har auka, og det må dei også bli kompensert for, seier Schjøll.
Samstundes understrekar han at utviklinga er usikker.
– Vi veit eigentleg ikkje kva som vil skje, sidan vi ikkje har erfaring med å kutte avgifter på denne måten, legg han til.
Alexander Schjøll, forskingsleiar Forbruksforskningsinstituttet SIFO.