Det er dyrt å døy, men det er jammen ikkje heilt gratis å leve heller
I diverse aviser dukkar det opp artiklar om kor dyrt det er med gravferd.
Gravferdskostnader og sosiale medier
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Artiklane blir delt i sosiale medier, og det florerer med seriøse og ikkje minst useriøse innlegg i kommentarfelta. Ikkje minst om korleis gravferdsbyråa skor seg på at folk døyr, og kva som eigentleg trengst etter eit dødsfall. Mange trur at avdøde kan fraktast til krematoriet utan kiste, bli kremert, og at aska kan spreiast kvar som helst, urna kan gravast ned i hagen, stå på peishylla på hytta eller heime i stova.
Slik er det ikkje. Det ser ut som at det er behov for å gjere greie for litt av det regelverket om gjeld i samband med dødsfall og gravferd, og ikkje minst reflektere over tradisjonar.
Det er dyrt å døy, men det er jammen ikkje heilt gratis å leve heller. Like sikkert som at vi blir født, må vi også ein gong døy, «men alle andre dagar skal vi leve». (sitat Per Petterson, svensk forfatter)
Ingen veit når døden bankar på døra, og det er greitt å vite kva som finst av stønadsordningar som gjeld for etterlatte. Eg tar for meg dei viktigaste her:
Dersom ein er så uheldig å miste eit barn, har foreldra krav på gravferdstønad. I 2026 er den kroner 30898. Denne gravferdsstønaden får ein også om barnet døyr i mors liv, uavhengig av svangerskapsveke. Kravet er at ein har kostnader til gravferd. Det må søkjast til NAV, og dei fleste byrå hjelper til med det.
For den som er vaksen, d.v.s over 18 år, kan ein få gravferdsstønad dersom ein er det vi kallar ubemidla. Det er faste reglar for dette, og det er den siste tilgjengelige skatteligning som avgjer om ein er kvalifisert for å få stønad. Stønaden blir avgrensa mot formue.
For folk som er i arbeid har arbeidsgjevar ofte forsikringar som gir utbetaling til etterlatte ved dødsfall, og om avdøde var fagorganisert har dei fleste krav på utbetaling gjennom organisasjonen si forsikringsordning. For enkelte organisasjonar fell slik stønad bort ved ei fast aldersgrense, andre har eit system der det blir mindre utbetaling til gamlare ein blir, og enkelte har utbetaling uansett alder ved dødsfallet. Det er nok at ein er medlem, (f.eks. Fagforbundet)
Så er det dei som fell utanfor stønadsordningane: Utgifter til gravferd kjem uansett, ein veit berre ikkje når. Då kan det vere lurt at ein set av pengar av og til, og ikkje minst snakkar med sine pårørande (helst når ein framleis er frisk) om korleis ein vil at gravferda skal vere. Skal det vere kristen begravelse, livssynsåpen eller humanetisk? Skal det vere ein storslagen feiring av det levde livet? Eller skal det vere i det stille med berre dei næraste tilstades. Sjølvsagt blir det stor skilnad på kostnadane om ein vel det eine eller det andre.
Dersom den døde må fraktast meir enn 20 kilometer frå dødstad til naturleg gravstad, er kravet oppfyllt for å få båretransport. (Dødsfallet må ha skjedd i Norge) På slik transoprt er det ein eigendel på 10% av den til ei kvar tid gjeldande gravferdsstønad. Stønad til båretransport gjeld også dersom det er valgt kremasjon.
Så les vi gjerne at det er stor prisforskjell byråa imellom. Og ja det er det, og det kan vere mange grunnar til det. Ein grunn at det ikkje finst faste satsar på verken kva ei kiste skal koste, kva bil ein skal bruke, eller kva timesats som gjeld.
Men alt i samband med handtering av døde skal foregå i verdige former. Derfor er det viktig at avdøde blir transportert i bårebilar, at det er minimum to personar ved henting og nedlegging i kiste, og at avdøde blir oppbevart i dertil eigna lokaler fram til gravferdsdagen. Dvs at ein nyttar kjølerom.
Begravelsesbyråa kan ha ulike forhold som er avgjerande for prissettinga. Kostnader knytt til leige av lokaler, (kontor, garasje, lager o.s.v) Når ein les kommentarfelta i sosiale medier ser det ikkje ut til at folk tenker på dette. At gravferdsbyraå har vakt døgnet rundt, året rundt, og stiller opp på kort varsel både i forhold til henting og planleggingssamtalar, er det heller ingen som tenker på.
Mange kommentarar i sosiale medier er knytt opp til kostnadane med feste av graver, og at ein må betale for leige av kirke eller anna lokale. Og ja, det hender seg at ein må betale for leige av kirke, organist og gravar. Det gjeld om ein vel gravferd i ei anna kommune enn der bustadsadressa var. Eller for leige av kirke med prest og organist om ein ikkje er medlem av Den norske kirke.
Når det gjeld feste av graver så har alle krav på fri grav i 20 år, men vil ein feste ei grav ved sidan av til ektefellen/sambuar/eller andre, så må det betalast for den. Det er ikkje gratis å ordne gravplassar, og dei tilsette som hjelper til under gravferder, både frå det offentlege og frå gravferdsbyråa skal ha si løn.
«Staten» burde betalt står det ofte i sosiale medier. Men Staten kven er det? Det er vi, og er vi viljuge til å betale meir skatt? Dei fleste av oss syns nok vi betaler nok skatt slik det er i dag.
Å samanligne det eine byrået med det andre, utan å kjenne kva dei forskjellige tilbyr, blir som å samanlikne epler med pærer og tru at det skal vere det same. T.d er det store skilnader på kor lang tid folk får bruke på planleggingssamtalar. Enkelte vil ha det gjort på ein time eller to, og andre lar etterlatte bruke den tid dei treng, og gjerne også med oppfølgingsmøte neste dag, utan at det treng å koste noko ekstra. Enkelte samanlignar pris på kister, og så viser det seg at for enkelte byrå er skjorte, dyne, pute og svøp inkludert, medan hos andre må ein betale ekstra for dette. Likedan kan stell og nedlegg vere så mangt. Hygieneartiklar kan vere inkludert i prisen og hos andre må ein betale for antal brukte hanskepar, og anna forbruksmateriell.
Vi som arbeider i gravferdsbransjen er opptekne av at all behandling av avdøde og etterlatte skal vere verdig. Ingen veit kva som er på andre sida, derfor er det viktig å behandle den døde som om han/ho var i live. Sørgjande skal bli møtt med empati og omsorg. Enkelte meiner at det er nok med empati, mens dei fleste som er i ein sårbar fase i livet kjenner at det er godt å også bli møtt med omsorg også.
Framleis er dei fleste tradisjonsbundne når det kjem til at ein skal sørge for gravferd for sine kjære. Gravferdsseremonien er nok den viktigaste seremonien for mange. Ein vil ta eit verdig fravel med den som står ei nær, og til tross for at mange ikkje er flittige kyrkjegjengarar, så vil ein likevel ha den siste avskjed i kyrkja. Dette til tross for at tilbod om livssynsåpne eller humanetiske seremoniar blir gitt.
Det er reglar for både korleis kister og urner skal vere produsert. Kister skal ikkje avgi giftige gassar ved kremering. Kister og urner skal vere gått i oppløysing, og over til jord i løpet av fredningstida for grava, og alt som skal leggast i kista må kunne bli til jord.
Skal aska spreiast for vinden skjer det kun om det er på høgfjellet, eller langt til havs. Er det godkjent å spreie i fjorden eller fjellvatn er det krav om urne som går i oppløysing i vatnet. For øvrig er det lurt å ha urne også på havet, i tilfelle «vinden snur»
Når vi les alle dei useriøse innlegga kan ein tenke at jammen er det godt at dette er regulert gjennom lover og forskrifter.
Hustadvika 30.03.2026
Gunhild Rolandsen
Gravferdskonsulent/utdanna sjukepleiar
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal