Herold

Sylvi Listhaug (Frp) frir til dieselkameratane – vil få med Høgre og Sp på å kutte matmomsen

Kilde: NRK Author: Fride Kvamsøe Rekdal Published: 2026-04-01 14:36:50
Listhaug frir til diesel­kameratane – vil få med Høgre og Sp på å kutte matmomsen

Onsdag halverte svenskane matmomsen. No vil partileiar Sylvi Listhaug (Frp) gjere det same.

Saka samanfatta:

  • Sylvi Listhaug (FrP) ønskjer å kutte matmomsen for å redusere matprisane og hjelpe økonomisk utsette grupper, som store familiar med låg inntekt.
  • Ho utfordrar Høgre, KrF og Senterpartiet til å støtte forslaget, etter at dei tidlegare har samarbeidd om å kutte drivstoffavgiftene.
  • Listhaug meiner at matvarekjedene har garantert at eit momskutt vil komme forbrukarane til gode, men det er skepsis til om dette faktisk vil skje.
  • Høgre er kritiske til forslaget og meiner at skattelette er eit betre og meir målretta tiltak for å styrke privatøkonomien.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Etter eit vellukka fleirtal på Stortinget om å kutte drivstoffavgifta i førre veke, har Framstegsparti-leiar Sylvi Listhaug fått blod på tann.

No ønsker ho fleirtal for å kutte i matmomsen.

– Eg vil utfordre Høgre, KrF og Senterpartiet til å vere med. No har dei vore med på å senke drivstoffavgiftene, no må dei bli med på matmomsen. Sverige får det til, det bør Noreg også.

Partileiaren er heime på Sunnmøre på påskeferie, og granskar butikkhyllene for matvarer ho kan ta med seg heim.

Ho peiker på at det har blitt dyrt i hyllene, og meiner det er dei som har minst som blir hardast råka.

For Sylvi Listhaug er det summen på kassalappen som tel.

– Matmomsen er neste, og vi må få redusert prisane. Det vil treffe dei som har lite og er avhengige av å kjøpe mykje mat, som for eksempel store familiar med dårleg råd, seier Listhaug.

Partileiaren har tidlegare sagt at ho vil kutte i bistand, havvind og andre klimatiltak for å få reknestykket til å gå opp.

Vil momskutt nå kunden?

Etter avgifta på drivstoff gjekk ned ved midnatt 1. april, var det fleire som følte seg snytt fordi prisen på drivstoff ikkje hadde gått særleg mykje ned på fleire bensinstasjonar.

Og etter momskuttet i Sverige onsdag, gjekk NRK på handletur i nabolandet for å samanlikne prisane med dei norske. Der viste det seg at det var lite å spare.

Likevel er Listhaug sikker på at eit momskutt vil nå kundane, fordi matvarekjedene har garantert at det kjem til å skje.

– Kva kan politikarane gjere viss matkjedene stikk av med pengane?

– Dei har garantert for at dette kuttet vil komme forbrukarane til gode. Dette vil mange følge med argusauge, både media, politikarar og folk flest. Då får vi komme tilbake til det, men eg har trua på at dette vil komme forbrukarane til gode, og at den garantien står ved lag, seier ho.

Vil ha borgarleg fleirtal

For å få til eit momskutt, ønsker Listhaug å få med seg dei andre borgarlege partia og Senterpartiet på eit fleirtal.

Finanspolitisk talsperson i Høgre, Nikolai Astrup, seier at dei alltid er opne for å diskutere forslag som styrker folk sin privatøkonomi. Likevel vurderer ikkje partiet momskutt endå.

Nikolai Astrup (H) trur skattelette er ei betre ordning for å lette på privatøkonomien til folk.

– Høgre meiner kutt i matmoms er eit lite målretta tiltak, og det er derfor ikkje noko vi vurderer no. Det vil bety mest for dei som har mest, og det er uklart kor mykje av gevinsten forbrukarane sit att med, meiner han.

Astrup meiner skattekutt vil vere det beste tiltaket for å kutte i privatøkonomien.

– Høgre vil kutte kraftig i inntektsskatten. Det hadde vore det beste tiltaket, så folk sjølve kan bruke det på det dei vil. Dessverre har vi ikkje sett noko initiativ til slike tiltak frå Støre-regjeringa.

Listhaug er ikkje einig med Astrup i at eit skattekutt vil vere den beste måten å lette på folk sin privatøkonomi, og står på sitt.

– Ein skattelette vil ikkje treffe like målretta, og derfor meiner vi dette er det beste tiltaket når prisane stig så veldig.

🏷️ Extracted Entities (23)

Høgre (entity) Framstegsparti-leiar Sylvi Listhaug (organization) Fremskrittspartiet 📁 (category) Grensehandel 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Norge 📁 (category) Næringsliv 📁 (category) Personlig økonomi 📁 (category) Politikk 📁 (category) Senterpartiet (entity) Sp (entity) Økonomi 📁 (category) KrF (entity) Nikolai Astrup H (person) Sylvi Listhaug FrP (organization) Astrup (entity) KI (entity) Noreg (entity) OpenAI (entity) Stortinget (entity) Støre (entity) Sunnmøre (entity) Sverige (entity)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Norge, Økonomi, Politikk, Personlig økonomi, Næringsliv, Fremskrittspartiet, Grensehandel
OpenGraph Title: Sylvi Listhaug (Frp) frir til dieselkameratane – vil få med Høgre og Sp på å kutte matmomsen
Twitter Title: Sylvi Listhaug (Frp) frir til dieselkameratane – vil få med Høgre og Sp på å kutte matmomsen