Herold

Oliver Rivedal (23) frå Sunnfjord funnen død i Polen

Kilde: NRK Author: Håkon Vatnar Olsen Published: 2026-04-01 15:36:38 Last updated: 2026-04-01 18:47:52
Oliver Rivedal (23) funnen død i Polen

23 år gamle Oliver Rivedal frå Sunnfjord er funnen død i Polen. Han vart funnen ved elva som han fall uti i november.

Etterforskingsleiar Oda Elvegård Thorstad stadfestar nyheita til NRK.

Oliver Rivedal vart sakna 22. november i fjor i Warszawa. I desember slo politiet fast at han hadde falle i elva Wisla og vart teken av straumen.

Fredag 13. mars klokka 13.25 i år vart han funnen død.

– Han vart funnen ved den elva som han falt uti, eit godt stykke nedover. Det var nokon forbipasserande som fant han, seier Elvegård til NRK.

Blir henta heim

Den omkomne er framleis i Polen, men blir brakt heim til Noreg etter påske. Han kom frå Sunnfjord i Vestland.

Kroppen er enda ikkje formelt identifisert, men Elvegård seier at alle opplysningar tilseier at det er rett person.

Familien er orientert om at NRK publiserer nyheita.

Rivedal hadde vore på ein utestad saman med to vener. I 6-tida om morgonen fekk polsk politi nødtelefon om at nokon svømte i elva Wisla.

Mannskap leita etter han langs elva, og både Kripos og polsk politi vart kopla på i etterforskinga.

Rivedal har vore sakna sidan november i Warszawa.

Tatt av straumen

Familien har tidlegare formidla at dei har sett video frå overvakingskamera som viser at Rivedal står ved elvekanten, før han sklir og fell ut i vatnet.

– Etter at han dett uti, prøver han å svømme mot land, men blir tatt av straumen og ført nedover elva.

Hendinga framsto som ei ulykke. Ifølge politiet hadde han ingen intensjon om å gå ut i elva.

– Dei pårørande har sjølv oppsøkt staden og kan stadfeste at det var svært glatt langs elvekanten.

NRK fekk først opplyst at Rivedal vart funnen 20. mars. Det riktige er 13. mars. Saka vart oppdatert med rett dato 1. april like over klokka 20.

🏷️ Extracted Entities (11)

Oliver Rivedal (person) Polen (entity) Nyheiter frå Vestland 📁 (category) Elvegård (entity) Sunnfjord (place) Warszawa (entity) Wisla (entity) Kripos (entity) Noreg (entity) Oda Elvegård Thorstad (person) Vestland (place)

📊 Metadata

Category: Nyheiter frå Vestland
OpenGraph Title: Oliver Rivedal (23) frå Sunnfjord funnen død i Polen
Twitter Title: Oliver Rivedal (23) frå Sunnfjord funnen død i Polen