Herold

Stengde legekontor i påsken: Kommuneoverlegen kjem med råd

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-03-31 09:00:00
Stengde legekontor i påsken: Kommuneoverlegen kjem med råd

På grunn av fleire heilagdagar på rad og stengde legekontor, kjem kommuneoverlegen med råd til kva du bør tenka på før påskehøgtida.

Vi går snart inn i påskehøgtida, med heilagdagar og både stengde butikkar/apotek og legekontor i nokre dagar. Derfor har Kvinnherad kommune lagt ut ein eigen artikkel på heimesida der kommuneoverlege Glenn A. Opland kjem med nokre råd og påminningar.

Blant anna bør du fornya reseptar i god tid, og sørga for å ha eller kjøpa inn smertestillande og febernedsettande medisinar som Paracet og Ibux heime eller med på reise.

Opland rådar òg til å ha nasespray, termometer og plaster/strips lett tilgjengeleg, og at folk bør ha god handhygiene med tanke på både luftvegsinfeksjonar og omgangssjuke som det har vore mykje av i kommunen den siste tida.

– Hugs allergimedisin dersom du har pollenallergi. Hassel er tidleg ute, og med påskesol og varmt vêr kan spreiinga auke, sjølv om det er lite som tyder på det akkurat no. Hugs òg solkrem og gnagsårplaster dersom du planlegg å vera mykje ute og i aktivitet, står det i artikkelen på kommunen si heimeside.

Når det gjeld småbarnsforeldre ber kommuneoverlegen dei om å følgja med på allmenntilstanden til barna, og minnar om at ved feber hos spedbarn under tre månadar så skal ein alltid kontakta lege med éin gong.

Ha dette klart når du ringer legevakta

Sidan legekontora er stengde i påsken, forventar ein at det blir travelt på legevakta. Kommunen ber folk om å helst ringja før dei møter opp slik at legevakta kan avklara kva slags oppfølging du treng.

Når du ringer legevakta, prøv å ha dette klart:

  • Fullt namn
  • Fødselsdato og personnummer
  • Kva faste medisinar du brukar og eventuelle sjukdommar
  • Mål gjerne kroppstemperaturen dersom du trur du har feber

Kommunen minnar òg om at alle pasientar blir vurderte etter hastegrad. Det kan føra til at du må venta, og at tida di blir endra når du kjem. Legen som er på vakt kan òg bli kalla ut til akutte hendingar, og pasientar som treng augeblikkeleg hjelp kan koma med ambulanse.

– Me ber om at pasientar ikkje tek med fleire i følgjet til legevakta enn dei som er heilt nødvendig. Hovudregelen er at barn og pasientar som treng hjelp, kan ha med éin annan person. Dette er viktig for venteforholda og av omsyn til smittevern, skriv kommunen.

Legevakta har telefonnummer 116 117. Ved akutt fare for liv og helse skal du ringja 113.

🏷️ Extracted Entities (4)

Glenn A. Opland (person) Ibux (entity) Kvinnherad (entity) Paracet (entity)