Herold

Budeiene er klare for langfredag

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-03-31 11:00:00
Budeiene er klare for langfredag

Tradisjonen tru kjem budeiene til Kjeldestøl på langfredag også i år.

Det blir ny open støl på Kjeldestøl på langfredag (3. april), melder Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

2017 var første året det vart arrangert open støl på langfredag, og den gongen tok over 300 turen. Suksessen vart gjenteken dei to neste åra, med ny rekordnotering i 2019. Då reknar ein med det var kring 450 som gjekk til støls. Både i 2020 og 2021 måtte samlinga på langfredag avlysast, men dei opne stølane om sommaren vart gjennomført som normalt begge åra.

– No har vi hatt fire påskearrangement etter pandemien, og dei har vore like populære som før. I fjor reknar vi med det var om lag 300 besøkande, og både mjelkekakene og rømmegrauten gjekk unna. Budeiene gler seg til ein ny langfredag på den vakre stølen i Skaaladalen ved Rosendal. Vonleg blir vêret brukande, slik at det blir ein skikkeleg travel dag for dei. Ingenting er så kjekt som å sjå folk sitja rundt på stølsvollen og kosa seg med god mat og god drøs, skriv venelaget.

🏷️ Extracted Entities (3)

Kjeldestøl (entity) Rosendal (place) Skaaladalen (entity)