Herold

Neste års russejenter: – Det er for å sikra at alle får ei kjekk russetid

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Ingvild Sjo Published: 2026-04-01 04:00:00
Neste års russejenter: – Det er for å sikra at alle får ei kjekk russetid

I januar var dei alt i gang med planlegging av ei god russetid for jentene ved KVV. No gjeld det å stå på med dugnad.

Måndag arrangerte dei open dag på Frøystein Gard i Onarheimslia på Husnes.

Heile 250 personar møtte i det noko ustabile vêret og betalte seg inn for ein femtilapp for å støtta tiltaket til russen. Då fekk dei ei triveleg gardsstund med nyklekka påskekyllingar, mjuke kje, sal av lekker heimelaga bakst, eit lodd i påskelotteriet og ei sosial stund.

Vilde Reime (17) fortel korleis det har seg at dei alt i januar, halvvegs på 2. trinn, starta opp planlegging av russetida.

– Me samla alle jentene som skulle vera med, pluss nokre lærlingar, både dei som skal gå påbygg og dei som går studieførebuande, og me vart samde om å dela oss i to grupper: ei studiegruppe og ei påbygg-gruppe.

Gruppene er opne, slik at ein kan byta om ein vil.

– Det var for at det skulle bli fleire festar, og for at folk skulle bli meir inkluderte. Då er ein i to mindre grupper, og alle kan få koma til dømes på eit vorspiel, i staden for at det kjem 60 jenter, seier Vilde.

Dette var noko alle vart samde om.

– Me har hatt mange møte og avstemmingar. Det er ei veldig god løysing til no, og skulen har òg sett at dette kjem til å bli bra.

– De er tidleg ute for å sikra at ting går bra til neste år. Når starta de opp?

– Det første møtet me hadde var rett etter nyttår, og sidan har me hatt mange jamt utover januar og litt i februar. Me kom vel til semje rundt februar. Då byrja me å tenkja på dugnad og slikt, seier ho.

At dei har hatt open dag ved Frøystein Gard er ikkje heilt tilfeldig.

– Eg er jo heldig som bur her, og mor mi er kjend for desse opne gardsdagane. Me sat rundt bordet og snakka om ulike dugnadar me hadde søkt på, og så kom mor mi med eit forslag om at me kunne ha dugnad her. Det var jentene veldig positive til, så då fekk me ordna det, smiler Vilde.

Det var mykje planlegging, men tiltaket vart veldig vellukka. Dei var 21 stykk som jobba med denne dugnaden. Ein del av dei var opptekne med andre ting, som jobb andre stadar.

– Det gav litt inntekter?

– Ja, me tente ein del på det. Me har ein felles russekonto, og me har tre økonomiansvarlege, fortel ho.

– Har de planlagt nye dugnadar no før eksamen?

– Ja, me har nokre konfirmasjonar og bryllaup me skal hjelpa til i. Då er det konfirmasjon i familien til jenter i gruppa vår – eg har til dømes eit søskenbarn som skal konfirmerast – så då har me ordna det slik at me skal vera servitørar.

I tillegg ventar dei på svar frå to festivalar dei har søkt om å få jobba dugnad ved.

– Det høyrest ut som de står på med mykje forskjellig?

– Ja, det er berre for å sikra at det skal bli ei kjekk russetid for alle. Me skal ha ein fellespott òg der me legg inn pengar, slik at dei som synest russetida er vanskeleg økonomisk kan få hjelp. Det er ein pott ein kan låna frå, som berre me tre økonomiansvarlege veit om.

Kristine Frøystein Reime seier til Kvinnheringen at ho sette pris på at så mange kom til open dag måndag, og var med og skapte ei triveleg stund i tunet og støtta ungdommane sitt tiltak.

🏷️ Extracted Entities (6)

Vilde Reime (person) Frøystein Gard (person) Husnes (place) KVV (entity) Kristine Frøystein Reime (person) Onarheimslia (entity)