Innlegget til brøytebilsjåføren tek av: – Oppringt til langt på natt med ufine meldingar
Plus
I staden for å få skryt for oppdateringane sine på Facebook, fekk brøytebilsjåfør Jostein Are Tafjord huda full av kjeft.
(Bergensavisen): Livet som brøytebilsjåfør på Hardangervidda er ikkje ein særleg takknemleg jobb. Det fekk Tafjord kjenna på sundag då det vart innført kolonnekøyring på ettermiddagen.
– Eg la ut eit innlegg sundag morgon som var meint som informasjon til bilistane, men i staden vart eg oppringt til langt på natt med ufine meldingar, fortel Jostein Are Tafjord.
Bio Jostein brøytebil
Og legg til:
– Den fyrste som ringde var faktisk ein bergensar. Han var sint og kom med nokre saftige gloser, men det var både austlendingar og vestlendingar som var forbanna på telefonen sundag.
Stygg ordbruk
54-åringen har brøyta på Hardangervidda i tre år, men han har aldri opplevd å bli skjelt ut på same måten som på sundag.
Det var irriterte bilistar som stod i kø for å koma over Hardangervidda som lot frustrasjonen gå utover Tafjord.
– Eg har møtt aggressive folk i kolonnekø tidlegare, men eg har ikkje blitt møtt med ein slik ordbruk som dette tidlegare, påpeiker han.
Tidlegare har brøytebilsjåføren vore anonym når han har skrive meldingar til bilistane på Facebook, men sundag låg namnet hans ute. Det gjorde at bilistane fann telefonnummeret hans.
– Den fyrste sinte telefonen kom i halv ni-tida. Då var eg ferdig på jobb. Dei spurde om det var eg som brøyta på fjellet, og dei ville vita kvifor i helvete dei ikkje fekk bli med i kolonnen, og kvifor det var så få bilar som vart med i kvar kolonne, fortel han.
Fleire av bilistane sa dei hadde sett på webkamerane på fjellet, og dei forstod ikkje kvifor det var kolonnekøyring.
– Vêret ser finare ut på webkameraene enn i verkelegheita. Eg forsøkte å svara roleg, men måtte bita tenna saman fleire gonger. Då eg byrja å forklara, var det ikkje alle som ville høyra etter. Det var fleire som berre la på, påpeiker han.
Får massiv støtte
Etter alle dei ekle telefonane skreiv han eit nytt innlegg på Facebook-gruppa «Varsler for rv.7 Hardangervidden», som har tatt heilt av.
«Dette blir mitt siste innlegg frå meg som brøytemannskap etter sånne ufine telefonsamtaler fra noen i grupper som angår Rv7. Her prøver noen av oss som brøyter og har vedlikehold på Rv7 og legge ut litt vær og føreforhold. Men så blir man oppringt og får kjeft for at man ikke får være med på kolonne eller at det ikke er så dårlig vær på fjellet for dem som har vært på kamera på fjellet og sett.»
Tilbakemeldingane let ikkje venta på seg etter brøytebilsjåføren sitt nådelause oppgjer med grinebitarane.
Støttemeldingane har runne inn på Facebook-sida i løpet av måndagen. Måndag ettermiddag var det over 170 kommentarar frå folk som støtta brøytebilsjåføren og over 660 har likt innlegget.
– Eg har ikkje hatt tid til å lesa enno, men eg skal gå inn å gjera det i løpet av dagen. Det er veldig kjekt. Kanskje eg ombestemmer meg, seier Tafjord til BA.
Då kan han lesa innlegg som desse:
«Du må ikke gi deg på grunn av noen telefonsamtaler. Tenk på alle de som gleder seg og setter stor pris på den suverene jobben dere gjør stå på. Jeg heier på dere»
«Syns oppdateringene frå brøytemannskapene er heilt suverene! Til dei som ikkje har fått utdelt tilstrekkelig med folkeskikk; Det er gratis å ta seg sammen!»
– Eg sov uroleg i natt. Eg har vore forbanna over at folk er såpass utakknemlege, seier han.
Og legg til:
– Eg er spent på å sjå om eg får nokre unnskuldningar frå dei som skjelte meg ut, men eg har ikkje så store forhåpningar.
Par sklei av vegen i morgontimane
Desse eigedommane bytte eigar sist veke