Stein i vegbanen på E16
Plus
Tysdag kveld har Statens vegvesen lagt ut eit melding om «steinsprang» ved Hernestunnelen på E16 ved Evanger.
Trafikkoperatør Stein Nestås fortel at meldinga høyrest litt meir dramatisk ut enn kva ho er.
– Det me har fått melding om er at det ligg ein stein på kvitstripa ved tunellen, på sida mot Bergen. Dette er meldt frå til Mesta som er entreprenør på strekkja.
Meldinga vart lagt ut klokka 19.22.
– Dei har sikkert litt køyretid for å koma fram der, seier Nestås.
Han kjenner ikkje til storleiken på steinen.
Vel ein time seinare er meldinga vekke frå trafikkartet til Vegvesenet.
Kart med ID 513593
🏷️ Extracted Entities (9)
E16
(entity)
Stein Nestås
(person)
Bergen
(entity)
Evanger
(entity)
Hernestunnelen
(entity)
ID
(entity)
Mesta
(entity)
Statens
(entity)
Vegvesenet
(entity)