Herold

Høgaktuelt om to politibrør sine skjebnetunge val under nazi-regimet

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arve Olav Solbakken Published: 2026-03-31 12:00:00
Høgaktuelt om to politibrør sine skjebnetunge val under nazi-regimet

SONDERLAGER: Dagbok frå Dødens forgard av Aslak Berge. (Octavian Forlag)

I februar fekk eg tilsendt denne boka forfatta av Aslak Berge, redaktør i bransjenettstaden iLaks og utgjevar av fagbøker som «Goldfinger- historia om Mowi». Av ulike årsaker fekk eg ikkje opna den før langt ut i mars. Vel plassert i godstolen ein ettermiddag opna eg boka for å smake på historia, men kom til meg sjølv rundt midnatt etter å ha lese den ferdig i eit drag. Ei spanande biografisk forteljing voven inn i krigshistoriske tidslinjer både i Norge og Europa.

Dale i Sunnfjord

Fascinasjonen over historieforteljinga kom kanskje mest frå kor skremmande dagsaktuelt det er å våge å stå opp for sine verdiar. Berre sjå på frammarsjen av autoritære idear, krav om blind underkastelse og demontering av demokrati som det amerikanske. Det er nok ingen spøk å jobbe i Trumps justisdepartement i «The land of the free».

«Sonderlager», handlar om to brør som trakka sine barnesko på slektsgarden Berge i Dale i Sunnfjord. I sitt vaksne liv jobba dei som politimenn under andre verdskrig. Den yngste, busett i Oslo, valde å underkaste seg det nazi-styrte norske politiet, medan eldstemann, som tilsett i Odda-politiet, stod i mot og måtte betale dyrt for å vere prinsippfast motstandar av regimet.

Her får du historia om då Sigurd Berge og 270 andre norske politifolk blei arresterte og sende til den tyske konsentrasjonsleiren Stutthof, like utanfor Gdansk. Sigurd skreiv dagbok om livet i fangenskap og dessutan har forfattaren også funne andre unike førstehandskjelder i form av brev. Førstehandskjeldene er grunnlaget for ei livaktig skildring av dramatikken før og under fangeopphaldet. Ikkje minst er det fascinerande å lese om sluttfasen i krigen då dei russiske styrkane rulla inn i Polen og Tyskland. Det var slett inga sjølvfølge å overleve bomberegn, granatnedslag og anarkiet som utvikla seg.

Kompromisslaust

Den biografiske forteljinga er innramma av historiske skildringar av motstandskampen frå norske styrkar då tyskarane erobra Bergen, Voss og resten av Vestlandet. Likeeins skildringar av Terbovens diktatoriske styring av Norge og kampane på Austfronten og Tyskland.

Det er fascinerande å lese om all livssmerta og kor mykje mange måtte ofre for å halde fast på prinsipp og menneskeverd. Integritet utan å kompromisse. Det er berre å håpe og tru at ein sjølv ville ha ryggrad til å vere like prinsippfast og sterk om det skulle krevjast.

Sigurd Berge kom seg ved eit Herrens under heilskinna heim frå konsentrasjonsleiren etter krigen og gjenopptok sitt gamle familie- og yrkesliv i politiet og seinare Sivilforsvaret. Veslebror Kristian Berge valde å ta sitt eige liv etter krigen.

Intrikat thriller om korleis «Goldfinger» sikra seg halve lakse-Norge

🏷️ Extracted Entities (27)

Veslebror Kristian Berge (person) Aslak Berge (person) Norge (entity) Sunnfjord (place) Tyskland (place) Austfronten (entity) Bergen (entity) Dale (entity) Dødens (entity) Europa (entity) Gdansk (place) Goldfinger (entity) Goldfinger- historia om Mowi (organization) Goldfinger\- historia om Mowi (entity) Herrens (entity) Octavian Forlag (person) Odda (entity) Oslo (place) Polen (entity) Sigurd Berge (person) Sivilforsvaret (entity) Sonderlager (entity) Stutthof (entity) Terbovens (entity) Trumps (entity) Vestlandet (entity) Voss (entity)