Herold

Frå applaus til gløymsel: Kor blei lærdommen om reinhald frå pandemien av?

Plus
Kilde: HF Author: Bjarte Andre Eriksen, leiar Fagforbundet Indre Hardanger, Eidfjord, Ullensvang og Ulvik Published: 2025-12-01 12:05:00
Frå applaus til gløymsel: Kor blei lærdommen om reinhald frå pandemien av?

Måndag 1. desember markerer vi Reinhaldarens dag. Ei yrkesgruppe som under pandemien blei hylla for sitt viktige arbeid. Dei stod i front for å hindre smittespreiing, og sikra beredskapen Eidfjord, Ullensvang og Ulvik. No verkar det som at mange har gløymt denne hyllesta, og fleire kommunar kuttar ein i reinhaldet.

Forsvarleg og godt reinhald er heilt avgjerande for at samfunnet vårt skal fungere. Reinhaldaren er ikkje berre dei som held omgjevnadane reine. Dei er fagfolk med kompetanse som hindrar smitte, førebygger sjukdom og sikrar eit trygt miljø – på sjukehus, skular, barnehagar, i offentleg transport og alle andre arbeidsplassar.

Då er trenden vi ser med kutt og konkurranseutsetting veldig bekymringsfull. Når reinhald kuttast, aukar risikoen for infeksjonar, allergiar og utrygge arbeidsmiljø. Dette er å gamble med folks helse, og det er ei direkte nedvurdering av nokon sin kompetanse. For reinhald er langt frå berre estetikk – det er samfunnskritisk.

Reinhald er eit fag. Det krev kunnskap om smittevern, kjemikaliar, materialar og metodar. Ved å kutte i budsjett vil dette undergrave denne kompetansen, og konsekvensane kan bli alvorlege – både for enkeltpersonar og for heile laget av samfunnsfunksjonar.

Me burde ha lært mykje av pandemien. Godt reinhald var essensielt for å unngå smittespreiing. Og kommunalt og helseføretaka sine tilsette reinhaldarar gav kommunane og sjukehusa avgjerande fleksibilitet. No verkar det som at denne innsatsen er gløymd. Det er på tide å snu tankegangen: Reinhald er ikkje berre ein kostnad av nødvendigheit, det er ei investering i helse, tryggleik og beredskap. Og vi skal vere enormt glade for at vi har dyktige og fagleg engasjerte medarbeidarar som står i oppdraget med å halde oss andre trygge veke inn og veke ut.

Så la oss bruke Reinhaldaranes dag til å sei det tydeleg: Reinhaldarane held andre arbeidstakar i gang. Dei fortener respekt, anerkjenning, anstendige lønns- og arbeidsvilkår, men også nok tid og ressursar til å utføre jobben sin med den kvaliteten dei ønsker.

Gratulerer med dagen til alle reinhaldarar. Takk for den viktige jobben de gjer!