Skal Kinn-politikarane bli færre? No skal prislappen på lokaldemokratiet diskuterast
Plus
Kinn kommune kan spare nesten 700 000 kroner årleg ved å slanke kommunestyret. Spørsmålet er om prisen for færre politikarar blir for høg for lokaldemokratiet.
Det ligg an til debatt om framtida til Kinn kommunestyre når politikarane i det kommande kommunestyret skal ta stilling til kor mange som skal styre kommunen i neste valperiode. Sidan Flora og Vågsøy blei slått saman i 2020 har kommunestyret hatt 39 representantar. No kjem spørsmålet om det er på tide å redusere dette talet.
Lovleg minimum
Kinn har i dag 17.365 innbyggjarar. Etter kommunelova må ein kommune på denne storleiken ha minst 27 medlemmer i kommunestyret. Kinn ligg altså godt over minstekravet, men det er ikkje uvanleg for kommunar på denne storleiken. Rundt om i landet varierer størrelsane på kommunestyrene mellom 27 og 45 medlemmar.
I sitt saksframlegg peikar kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen på at dagens storleik har nokre fordelar. Mellom anna breiare representasjon, som gir betre plass til småparti og lokale lister. Størrelsen gir også eit større rom for geografisk balanse og demokratisk breidde.
Smartembed for https://www.firdaposten.no/api/graff/v1/component/enkel-poll?id=86023
Pengar å spare
På den andre sida ligg dei økonomiske fakta. Kommunen må spare pengar, men det har til no vist seg vanskeleg å kutte på utgiftene til politikarane. Å redusere talet på kommunestyrerepresentantar kan vere ei løysing.
Administrasjonen har rekna ut at kvar einaste politikar i snitt kostar kommunen 57.000 kroner i året i form av møtegodtgjersle, reiser, servering og tapt arbeidsforteneste.
Skulle kommunestyret velje å gå ned til lova sitt minimumstal – ein reduksjon på 12 personar – vil kommunen spare om lag 681.000 kroner i året.
Slik kan Kinn spare pengar på å kutte kommunestyrerepresentantar:
Kommunelova slår fast at talet på kommunestyrerepresentantar skal vere eit oddetal.
Trenden går mot færre politikarar
Kommunedirektøren meiner at dagens ordning fungerer godt. Likevel blir det trekt fram at den generelle trenden i Norge er at kommunar reduserer talet på folkevlade for å få meir effektive prosessar.
Om politikarane vel å slanke kommunestyret, varslar kommunedirektøren at det også vil vere naturleg å sjå på kor mange politiske utval kommunen skal ha, og kor mange som skal sitje i dei.
Saka skal opp til handsaming i kommunestyret den 9. april, og skal truleg handsamast av gruppeleiarutvalet før den tid. Vedtak må gjerast innan utgangen av 2026.