Einar Galaaen til minne
Plus
Det er med sorg og vemod vi mottok meldinga om at Einar Galaaen hadde teke sine siste andedrag denne veka. Han sovna stilt inn på Røros sykehjem, Øverhagaen den 23. mars.
Død er alltid trist og kjennest så urettferdig, spesielt for menneske som har betydd noko for deg. Men død gir også tid for refleksjon og gode minner.
Einar har tappert levd med sjukdom i ei årrekkje. Men han hadde også på ein tapper og meisterleg måte lært seg til å leva med sjukdomen inntil den tok overhand dei siste par åra. Einar fekk sitt fyrste hjarteinfarkt som 45-åring og han fekk nokså raskt bypassoperasjon. Det var vellykka og gjorde at han kunne halde fram i arbeidslivet.
I 2003 vart han råka av Parkinsons sjukdom, men fekk operert inn hjernestimulator og kunne såleis halde fram i arbeidslivet inntil han gjekk av med pensjon 62 år gamal. Einar hadde mykje pågangsmot og sto på for å trene seg opp att og lykkast i stor grad med det.
Einar Galaaen hadde mange arbeidsår i avisa Valdres, fyrst ei kortare periode tidleg på 1990-talet inntil Einar gjekk inn i rolla som redaktør i hjartebarnet Fjell-Ljom på Røros. I 1994 lukkast vi med å få Einar attende til avisa Valdres. Han gjekk inn i rolla som desk- og vaktsjef i avisa, ein jobb han hadde inntil han gjekk av med AFP-pensjon i 2009.
Det er ikkje mogleg å omtale Einar utan at også kona Trine Schmidt blir trekt fram. Også Trine var tilsett i avisa Valdres, heile 28 år, frå 1987 fram til 2015. Ho var redaksjonsassistent og hadde ei nøkkelrolle i avisa i ei årrekkje. Kvalitet og hjartevarme var det som prega livet til dei båe.
Trine har stått ved Einars side trufast i alle år og faktisk til siste stund, noko det står stor respekt av.
Trine og Einar budde på Fjellheimen i Skammestein, den tidlegare turiststaden som har ein lang og stolt historikk med foreldra til Trine som drivarar i ei årrekkje, I 2019 selde familien staden og Trine og Einar flytte til Røros og flytte inn i heimen til Einar, som dei allereie hadde teke over og rusta opp. Men Valdres og Skammestein hadde sett spor hjå Trine og Einar og dei kjøpte seg hytte i området og har vore her så ofte det let seg gjera.
Styreleiar i Fjell-Ljom, Jon Erik Øvergård, har skrive minneord om Einar og karakteriserte han som ein av dei verkelege veteranane i Røros-pressa. Han har heile tida hatt eit bankande hjarte for Fjell-Ljom og har også i pensjonstida vore aktiv i venneforeininga, mellom anna med årlege avisutgjevingar på gamlemåten med blysats.
Einar vaks opp på Hagaen i Røros og alt som ung gut fann han vegen til lokalavisa Fjell-Ljom. Der fekk han fyrst prøve seg som avisgut, sidan i ulike stillingar i avishuset. Etter kvart vart han fanga av journalistikken og sin fyrste journalistjobb fekk Einar nettopp i Fjell-Ljom. Med det byrja også eit langt yrkesliv i pressa, mellom anna i Verdens Gang, Arbeidets Rett, Vestby Avis og altså avisa Valdres.
Einar var også som sagt innom Fjell-Ljom att ein periode som redaktør mellom fyrste opphaldet i avisa Valdres og inntil han let seg overtale til å gå inn i desksjefrolla. Med det slapp Einar den lange pendlarvegen og kvardagen fall mykje enklare for dei båe.
Einar var ein nøktern kar med mykje hjartevarme for både menneske og dyr. Og han var arbeidssam og samvitsfull. Einar forlet aldri arbeidsplassen før jobben var gjort og han var ein person som likte å ha kontroll, ja, på den positive måten. I det moderne arbeidslivet ville ein ha sagt at Einar var ein person som tok ansvar, såg løysingar og var dyktig til å samhandle med dei rundt seg.
Seiast må også at Einar som kollega og medmenneske med sin svært lune væremåte og fine humor, gjorde at han var eit menneske du fort vart glad i og treivst i lag med. Han var ein god person for avisa Valdres, det er det mange av oss som kan skrive under på. Både Trine og Einar etterlet seg eit stort tomrom når dei gjekk fra borde.
Å jobbe i ei lokalavis gjer at du kjem tett på folk og krev at du har glødande interesse for det nære og lokale, ikkje minst trivst med folk. Inga sak er korkje for lita eller stor. Akkurat denne innstillinga og haldninga hadde Einar i blodet, difor var han også gull for avisa Valdres. Han fekk ei viktig rolle i arbeidet med å presentere og forme papiravisa utan tanke for sensasjonar, men som ei ansvarsfull avis som tok lokaljournalistikken på største alvor. Avishuset hadde opplagt nokon av sine beste år på 2000-talet.
Einar har sett spor og no vil vi måtte leve på minnene om ein samvitsfull, kunnskapsrik og dyktig kollega som vi hadde gleda å ha rundt oss i mange år.
Fred over hans minne.
Torbjørn Moen
Redaktør avisa Valdres 1994-2025