Herold

Tidlegare fotballspelar på Molde FK og landslaget, Petter Rudi, har fått muskelsjukdommen ALS

Kilde: NRK Author: Silje Steinnes Bjerknes Published: 2026-03-29 20:20:02 Last updated: 2026-03-30 10:16:01
Petter Rudi (52) har fått ALS: – Ein vond beskjed

Tidlegare Molde-spelar og landslagsspelar Petter Rudi (52) er råka av den alvorlege nervesjukdomen ALS.

Saka er oppdatert med ein kommentar frå landslagssjef Ståle Solbakken.

Det var Molde Fotballklubb som søndag kveld meldte at Petter Rudi hadde blitt sjuk. Klubben skriv at dei går ut med nyheita etter ønske frå, og i samråd med, Rudi og familien hans.

Rudi er for tida speidar i MFK.

– Dette er ein svært vond beskjed som berører oss sterkt. Petter har jobba i klubben i mange år. Han er tett på oss i kvardagen, og jobbar engasjert med fotballstrategien vi no bygger i MFK, seier Vegard Storvik, administrerande direktør.

Rudi, som er født i Kristiansund, fekk starten sin i Sportsklubben Træff. Han gjekk så vidare til Molde FK, der han spelte i fleire år. Han blei også cupmeister med Molde to gonger.

Midtbanespelaren spelte 46 landskampar for Noreg. Han var òg fleire år i Sheffield Wednesday, i tillegg til opphald i Belgia og Italia.

Rudi blei cupmeister med MFK to gonger.

– Sterkt inntrykk

ALS er ein alvorleg nervesjukdom som fører til muskelsvinn og lammingar.

Klubben fortel at dei har hatt ein nær og god dialog med den tidlegare midtbanespelaren.

– Eg har hatt mange fine samtalar med Petter. Det gjer sterkt inntrykk å oppleve både opna hans og styrken han viser i møte med noko så alvorleg, seier Storvik.

Administrerande direktør i Molde FK, Vegard Storvik.

Trass i sjukdommen ønskjer Rudi å halde fram i jobben sin i Molde FK, opplyser direktøren.

– Samtidig kjenner eg på ei stor audmjukskap og takksemd over at han, trass i ein krevjande situasjon, opplever det meiningsfylt og framleis ønskjer å bidra og vere ein viktig del av kvardagen i MFK.

Fakta om ALS

  • ALS, Amyotrofisk lateral sklerose, er ein kronisk nervesjukdom som øydelegg motoriske nerveceller i ryggmergen og hjernen.
  • Dei første symptoma på ALS kan vere gradvis svekking i eit bein, ein arm eller utydeleg tale.
  • Det finnast ingen effektiv behandling som kan stanse eller snu sjukdomsutviklinga i dag.
  • Kvart år får om lag 200 personar i Noreg ALS, og rundt 400 personar lev med sjukdommen.
  • Gjennomsnittleg forventa levetid etter diagnosen er på to til tre år, ofte grunna at pustemusklane blir lamma.

Kjelde: Helsenorge/Norsk Helseinformatikk

– Forferdeleg

Landslagstrenar Ståle Solbakken møtte pressa på Ullevaal i måndag, i forkant av landskampen mot Sveits.

Der sa han at han blei trist av å lese at Rudi hadde blitt sjuk. Dei to spelte saman på landslaget.

– Det var forferdeleg å lese. Vi hadde mange durabelege duellar og var dei einaste frå den siste perioden til «Drillo» som spelte i Noreg, sa Solbakken ifølge NTB.

Solbakken seier at han har stor respekt for Rudi, både som person og spelar.

– Han var ein som gjorde veldig mykje ut av seg på bana, men som var stille og roleg utanfor. Eg sender difor alle moglege lykkønskingar til han, og eg veit det er ein umogleg situasjon å sette seg inn i.

Rud og Solbakken spelte saman på landslaget.

– Tida for å stå saman

Storvik seier vidare at dei i MFK ofte snakkar om «vi» og det fellesskapet dei har i klubben.

– No er tida for å stå tett saman rundt Petter med omtanke, styrke og varme. Den dedikasjonen, lojaliteten og stoltheita han har gitt gjennom eit heilt liv for fotballen og for klubben, er noko vi alle har fått ta del i.

– Og no er det vår tur til å gje noko tilbake, i form av støtte, omsorg, samhald og tilhøyrsle.

Vidare seier direktøren at Molde Fotballklubb ønsker å uttrykke si støtte og medkjensle med Petter og hans næraste i ei svært krevjande tid.

Vidare opplyser klubben at Rudi og familien hans ber om ro.

Petter Rudi og Steffen Iversen på veg inn i Molde domkyrkje då Åge Hareide blei bisett i januar.

🏷️ Extracted Entities (24)

Noreg ALS (organization) Petter Rudi (person) MFK (entity) Molde Fotballklubb (person) Fotball 📁 (category) Molde FK (organization) Molde FK 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Sport 📁 (category) Sport i Møre og Romsdal 📁 (category) Ståle Solbakken (person) Vegard Storvik (person) Amyotrofisk (entity) Belgia (entity) Drillo (entity) Helsenorge/Norsk Helseinformatikk (organization) Italia (entity) Kristiansund (place) Sheffield Wednesday (person) Sportsklubben Træff (person) Steffen Iversen (person) Sveits (entity) Ullevaal (entity) Åge Hareide (person)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Molde FK, Fotball, Sport, Sport i Møre og Romsdal
OpenGraph Title: Tidlegare fotballspelar på Molde FK og landslaget, Petter Rudi, har fått muskelsjukdommen ALS
Twitter Title: Tidlegare fotballspelar på Molde FK og landslaget, Petter Rudi, har fått muskelsjukdommen ALS