Herold

Pumpeprisen vert sett ned på onsdag

Kilde: NRK Author: Silja Björklund Einarsdóttir Published: 2026-03-30 06:00:30 Last updated: 2026-03-30 13:46:47
Pumpeprisen vert sett ned på onsdag

I førre veke stemte regjeringa mot å setta ned avgiftene på drivstoff, men fekk fleirtalet på Stortinget mot seg. No gjennomfører dei vedtaka.

Saka oppsummert:

  • Regjeringa har vedteke å setja ned drivstoffavgiftene etter press frå eit fleirtal i Stortinget
  • Avgiftene på bensin vert redusert med 4,41 kroner per liter og diesel med 2,85 kroner per liter frå 1. april
  • Senterpartiet braut budsjettavtala med dei raudgrøne partia ved å stemma for Høgre sitt forslag om avgiftskutt
  • Regjeringa møter kritikk for ikkje å ha stilt kabinettsspørsmål

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

RETTING:

I ein tidlegare versjon stod at«Stoltenberg»burde ha stilt kabinettsspørsmål. Det korrekte skulle vera«regjeringa». Dette er no retta.

Regjeringa burde ha stilt kabinettsspørsmål, meinte stortingsrepresentant Grunde Almeland (V).

Avgiftene på bensin og diesel vert midlertidig sette ned frå 1. april.

Det opplyser regjeringa i ei pressemelding måndag morgon.

  • Avgiftene for bensin vert sett ned med 4,41 kroner per liter.
  • For diesel vert avgiftene sett ned med 2,85 kroner per liter.

Dette skjer etter at fleirtalet på Stortinget torsdag vedtok å setta ned avgiftene for å få ned pumpeprisen som ei hastesak.

Det skjedde mot stemmene til Arbeidarpartiet, som saman med fleire andre parti ville utsetta handsaminga av saka.

– Det er ei veldig rask gjennomføring, men me var opptatte av å gjennomføre vedtaka så fort som mogleg, seier finansminister Jens Stoltenberg (Ap) til NRK måndag morgon.

Dei lågare avgiftene er midlertidige og gjeld fram til 1. september.

Følg siste utvikling i saka:

Andre vedtak må venta

Stortinget gjorde fleire andre vedtak for å få ned prisane på drivstoff.

– Dei andre stortingsvedtaka om CO2-avgifta inneber praktiske og statsstøtterettslege problemstillingar som må avklarast. Regjeringa vil koma tilbake til oppfølginga av desse vedtaka så raskt som mogleg, står det i pressemeldinga.

Ifølge Stoltenberg er det fleire tekniske spørsmål, mellom anna knytt til EØS-avtala, som må avklarast bør desse vedtaka kan gjennomførast.

Det er ikkje eit gyldig argument, meiner Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Regjeringa må følga alle avgiftsvedtak som Stortinget gjer, seier han til NRK.

Finansministeren sa tidlegare måndag at regjeringa vil innføra resten av endringane så snart som mogleg, men at dei må «gjera ting på rett måte».

EFTA sitt overvakingsorgan ESA vil ikkje stadfeste om dei er i dialog med regjeringa.

Kommunikasjonssjef Jarle Hetland seier til NRK at dei må bli varsla dersom det blir gjort store endringar i allereie godkjente støtteordningar.

– ESA står alltid klare til å gå i dialog med norske myndigheiter om eventuelle endringar i eksisterande, godkjente støtteordningar, seier Hetland.

Åtvara i førehand

Senterpartiet sørga for fleirtal til Høgre sitt forslag om lågare avgifter. Dei fremma òg fleire eigne forslag, som fekk støtte frå høgresida.

Dei braut dermed budsjettavtala med dei raudgrøne partia.

Vedtaka i Stortinget skjedde trass i fleire åtvaringar frå Arbeidarpartiet og finansminister Jens Stoltenberg.

Dei meiner vedtaka var uansvarleg fordi det gjer auka utgifter på meir enn 6 milliardar kroner – utan inndekning.

Regjeringsdrama

– Det er no den svakaste regjeringa me har hatt på mange år, var dommen frå DNs politiske redaktør Frithjof Jacobsen i helga.

Han meiner regjeringa vart utspilt då Sp stemte med høgresida og sikra fleirtal for fleire avgiftskutt.

Regjeringa burde ha stilt kabinettsspørsmål, meinte stortingsrepresentant Grunde Almeland (V).

Måndag morgon møtte Stoltenberg i «Politisk kvarter» på NRK, der han vart utfordra på vedtaket.

– Viss du er opptatt av pengebruk, handlingsregel og budsjettdisiplin: Kvifor sette du ikkje hardt mot hardt og trua med å gå?

Det er ein vanskeleg situasjon. Me må ha fem parti for å ha fleirtal. Det har vel knapt skjedd i norsk politisk historie. Det gjer at det ikkje er lett å få fleirtal, svarte Stoltenberg.

Stoltenberg møtte i «Politisk kvarter» for å snakka om handlingsregelen, men måtte òg svara for seg etter førre vekes stortingsvedtak om lågare avgifter på drivstoff.

– Samtidig er det Arbeidarpartiets tradisjon å ta ansvar. At me berre skulle kasta korta og seia at me ikkje orkar dette fordi det er så komplisert, hadde det ikkje vore i tråd med Aps tradisjonar, sa han vidare.

– Men då seier du jo som finansminister at du toler å verta pålagt auka pengebruk?

– Me må koma tilbake i revidert nasjonalbudsjett og sjå korleis dette kan verta innpassa innanfor ansvarlege rammar, svarar Stoltenberg.

Vil halda fram samarbeidet

Då Senterpartiet stemte for Høgre sitt forslag i førre veke, braut dei budsjettavtala med dei andre raudgrøne partia.

Ingrid Liland var forhandlingsleiar for Miljøpartiet dei grøne då dei raudgrøne partia forhandla om budsjettavtale. Ho er ikkje nøgd med at Senterpartiet braut avtala i førre veke.

Ingrid Liland i Miljøpartiet dei grøne har allereie sagt at det er vanskeleg å sjå for seg fleire budsjettsemjer med dei etter dette.

– Sjølv om det var ein vanskeleg dag i førre veke då regjeringa vart nedstemt, så er eg glad for at alle partia framleis seier at dei er interesserte i å vera budsjettpartnarar, seier Stoltenberg måndag.

Men MDG stiller jo spørsmål ved om det kan verta fleire budsjettavtaler i dette fellesskapet?

Me ynsker jo det, og me har oppfatta at dei òg er innstilte på det. Men då får me setta oss ned, for det er grunnlaget for denne regjeringa, svarar Stoltenberg.

– Kan budsjettavtala brytast fleire gonger?

– Budsjettavtaler er til for å haldast. Så får me setta oss ned med partnarane våre og bidra til at me ikkje opplever tilsvarande situasjonar i framtida, seier han.

Høge oljeprisar

Hastevedtaket i Stortinget kom som følge av dei høge oljeprisane den siste tida.

Oljeprisane har vore høge sidan USA og Israel gjekk til åtak på Iran.

Like utanfor Irans kyst ligg Hormuzsundet, ein av dei viktigaste transportvegane i verda for olje.

Dei siste vekene har svært få skip passert sundet, fordi Iran har gått til åtak på skip med tilknyting til USA, Israel eller allierte land.

Store delar av verdas olje vert vanlegvis frakta gjennom Hormuzsundet.

🏷️ Extracted Entities (27)

Stoltenberg (place) Stortinget (entity) Arbeidarpartiet (entity) Bil og miljø 📁 (category) Høgre (entity) Iran (entity) Jens Stoltenberg Ap (person) Norge 📁 (category) Politikk 📁 (category) DN (entity) Grunde Almeland V (person) Hormuzsundet (entity) Ingrid Liland (person) Israel (entity) Kommunikasjonssjef Jarle Hetland (organization) Miljøpartiet (entity) Politisk kvarter (entity) Senterpartiet (entity) USA (entity) CO2 (entity) ESA (entity) EØS (entity) Frithjof Jacobsen (person) KI (entity) OpenAI (entity) Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum (organization) Sp (entity)

📊 Metadata

Category: Norge, Bil og miljø, Politikk