Du måkkje måla her og måla her
Plus
«Det er forbudt å forby». Denne setninga har stått på betongveggen på eit busstopp i Knarvik i fleire tiår.
I Nordhordland skriv redaktør Vegard Flatøy godt om korleis han undra seg over eit slikt paradoks då han var liten, i bilen med mor si. Og korleis taggen har følgt han gjennom livet, i kvardagens gjeremål i Knarvik, samstundes som motivet falmar bort med år og no nesten ikkje er synleg.
Knarvik er ein ung stad, vil mange seie. Og dei har rett.
Men samstundes har tida gått. I kvardagen er det ikkje alltid lett å komma på spora frå dei tidlege næringsetableringane langs det som var ein sideveg, til eit handlesenter langs sjølvaste europavegen.
Dei mange små forandringane registrerer me ikkje alltid, før me stoppar opp og summerer litt for oss sjølve.
5 år seinare kom den spesielle telefonen
Eg hugsar godt den dagen eg fekk vite at Ivar Aasen var kommen til Nordhordland. Og eg tenkjer ikkje på då han banka på døra til lensmannen på Litlebergen i 1843, og vart buande der i lenger tid.
Den gong var han pengelens og utan husly, og oppsøkte lensmannsgarden etter råd frå ein hyggeleg kar frå Radøy. Eg har aldri møtt nokon frå Radøy, som har rådd meg til å dra til ein annan plass enn nettopp Radøy. Så her får me berre tenka vårt. Kanskje ikkje Ivar hadde bada på ei stund.
Nei, eg tenkjer nemleg på den gongen i 2019, då Ivar dukka opp på høyballar på Leknes, i undergangar i Knarvik, på Hjelmås, Frekhaug og sikkert andre plassar i kommunen. Under ein sjablong av Ivar Aasen kunne me lesa Nynorsk beibi. Nynorsk. Eller*Ivar, konge i Alver*.
På den tida hadde eg fleire gongar tenkt det er for lite slikt her vi bur. Kvar er kunsten i kvardagen? Desse visuelle uttrykka langs gatene, som får oss til å smila, tenka og verta provosert. Eller berre noko me kan beundra og undra oss over, slik som den store rosa og blå «The Mother» langs bybanen på Nygård i byn.
Men sidan den gong har meir komme til her i Alver. For nokre år sidan ringde ein hyggeleg kar til meg, han skulle måla eit kommunalt skur. Men på skuret var det komme opp ein sjablong av ein kjend rikspolitikar, og denne meinte han vel han ikkje burde måla over. Det var mange saker på denne tida om gatekunst som vart malt over, til stor motstand og krasse kommentarfelt.
Eg sa at han hadde heilt rett, det burde han ikkje, og takka for praten. Sjablongen er der enno. Og er det politikk, så er det ikkje farleg, men faktisk noko me skal oppmoda til. Du skal kunna seia det du vil, og du skal kunna måla kva du vil. Det er forbudt å forby vart ein periode malt over med ei vindmølle som gjennombora eit hjarte, eit saksfelt som absolutt er i vinden.
Samstundes er det lite som er evig, og det meste her i livet er mellombels. Gatekunsten også. Han er eksponert, kan målast over, flyttast, øydeleggast eller berre svinna hen. Kanskje var det aldri meininga at han skulle stå lenge. Kanskje nokon gløymde å spørje dei som eigde veggen.
Eg skulle ønskje meg at fleire av dei som eig bygg i kommunen vår inviterer til slik kunst på sine bygg, som til dømes i Bodø. Her har bygningseigarar, det offentlege og kunstnarar samarbeidd tett, og bidratt til ein by full av visuelle overraskingar og mykje positivitet, uavhengig av Champions League og salte malstraumar.
Og me i kommunen gjer noko. I 2021 initierte me pilotprosjektet Vi vil henge på Frekhaug, i lag med frivilligsentral, fleire skular, ungdomsklubb, barnehage, kulturtenesta, og kunstnarane sjølv. Og ikkje minst Nordhordland kunstlag, som vart kåra til årets kunstlag i Noreg i 2022 for sitt bidrag i prosjektet. Og gjennom den kulturelle skulesekken har elevar fått bryna seg på gatekunst og utsmykking, og fleire andre aktørar har jobba godt.
Men kommunen sine ressursar er avgrensa. Likevel kan me gi gode råd, samarbeida om tilskot, og vera ein støttepartnar.
Og næringsliv og private bygningseigarar, om det er Knarvik, Bøvågen, Hjelmås eller Frekhaug, må også verta med. Slik kan me gi undring til nye generasjonar, som kan voksa opp og komma heim att til ein plass med nokre nye markørar for identiteten.
I kommentaren sin utfordrar Vegard Flatøy kulturtenesta i Alver om å restaurera og freda den velkjende ytringa Det er forbudt å forby ved busstoppet i Knarvik. Om ikkje tek han målarpenselen i handa sjølv.
Å verna gatekunst er ikkje vanleg, og kanskje heller ikkje lurt. At noko kjem og går er del av det grunnleggande ved slike ytringar, sjølv om kanskje reine utsmykkingar ofte vil vera meir varige.
Og det finst både lovleg og ulovleg gatekunst. Det me jobbar med er planlagt gatekunst som tek omsyn til både lovverk, eigedomsrett og reguleringar.
Eg skal ikkje meina noko om kvar redaktøren målar, men eg skulle gjerne sett at fleire var med å utsmykka kommunen vår. Me i kulturtenesta er med.
Bli med du òg, kjære bygningseigar. Her heng fruktene lågt, og krutet er som kjend oppfunne for lenge sidan.