Drivstoffavgiften er kuttet, men prisen er så langt ikke mye endret.
Ved midnatt blei drivstoffavgifter fjerna. Kundar i Asker var oppgitte over at prisane framleis er høge.
– Eg synest det er heilt absurde prisar, seier Deni som NRK treffer på Circle K i Asker ved midnatt natt til onsdag.
Han og kameraten Isa skal fylle diesel på bilen før ein tur til Haugesund. Men dei synest det er dyrt.
Deni og Isa var innom for å fylle tanken ved midnatt.
– Ikkje ein aprilspøk?
– Noreg kan gjere mykje betre for folk, og oss som må bruke bil kvar dag. For jobb og andre ting, seier Deni.
Ved midnatt skulle pumpeprisane bli endra, då blir avgifter fjerna for ein mellombels periode.
Dei to mennene var ikkje klare over at kutta skulle skje akkurat på 1. april.
– Seriøst? Det er ikkje ein aprilspøk?
Nei, det er ikkje ein aprilspøk. Likevel endra ikkje prisane seg så mykje ved denne stasjonen.
Ved Circle K i Asker gjekk prisen opp ved midnatt.
- Klokka 23.15: Bensin 26.29 og diesel 29.27
- Klokka 23.59 var prisane litt lågare: Bensin 21.88 Diesel 26.42
- Klokka 00.00 gjekk dei opp igjen: Bensin 26.29 og diesel 29.27
Kutta frå politikarane held ikkje, meiner Deni.
– Prisen bør ned til 19 -17 kroner. Det er greitt, synest eg.
Krigen i Midtausten gjer drivstoff dyrare
Frå 1. april er alle satsane i vegbruksavgifta på drivstoff sette til null.
Det betyr at avgiftene på bensin blir reduserte med 4,41 kroner per liter og at avgiftene på diesel blir redusert med 2,85 kroner per liter.
På grunn av krigen i Iran, har drivstoff blitt dyrare. Mellom anna fordi Hormuzsundet, kor mykje olje blir frakta gjennom, er stengt.
Senterpartiet sikra fleirtal for hastebehandling av eit Høgre-forslag om billigare bensin. Alle dei andre raudgrøne partia stemte imot.
Endringa er mellombels og gjeld frå 1. april til 1. september.
Sjølv om avgifta blir kutta, så kan prisane likevel stige som følge av andre faktorar.