Herold

Kva vil politikarane med kommunesenteret vårt? Korleis utvikla Dale til eit levande sentrumsområde?

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kirsten Lid, forfattar på oppmoding frå mange dalingar Published: 2026-03-31 03:21:00
Kva vil politikarane med kommunesenteret vårt? Korleis utvikla Dale til eit levande sentrumsområde?

Nyleg fekk me sjå eit lite glimt av Dale i TV2 serien «Kompani Lauritzen». Det var eit trist syn. Ein nedlagt fabrikk med tomme produksjonslokale møtte oss som eit spøkelsesbygg. Me ser vel alle forfallet utvendes og utanfor bygningane, men å sjå fabrikklokala innvendes, det er eit skrekkeksempel.

Dette gav ikkje noko godt inntrykk av kommunesenteret vårt, og det fekk meg og andre til å tenkja: Kva vil skje med kommunesenteret vårt?

Me ser allereie no at den store sjukeheimen/Daletunet er nesten tom og mørklagt om kveldane. Vil det same skje med butikkane på Dale, slik me nett har opplevd med Jernia? Ønskjer me at gata vår skal verta folketom?

Gato vår

Det var positivt å lesa innlegga som Kari Seim og Lisa Natalie Johnsen Lunde hadde i Vaksdalposten for ei tid tilbake. Ja, me må vakna folkens! Ja, Dale sentrum treng eit løft. Me treng eit sentrum og sentrum treng folkeliv.

Dale treng eit felles løft

Heldigvis har Dale frivillige på Fryd som pyntar gata vår med blomar og benkar til glede for både oss og for dei som besøkjer Dale. Julegata er det også frivillige frå Fryd som skal ha ære for. Korleis hadde det vore utan dei?

Men, me kan alle bidra med noko og me kan støtta opp om lag og organisasjonar som arrangerer konsertar og andre arrangement. Det er trist dersom det berre kjem nokre få tilhøyrarar når me veit kor mykje arbeid og øving som ligg bak. Så er det også me sjølve som må ta ansvaret for å halda eigedomane våre ved like.

Det har vore mange underskriftskampanjar på Dale både mot nedlegging av sjukeheimsplassane, handlesenter på Dalegarden, riving av Dalehallen og Gamleheimen og bevaring av den flotte Messa/Jebsahuset. Folket etterlyser også kva som skjer med fotballbana/idrettsplassen på Geitabakken, ny barnehage på Dale og helsesenter i det tomme Daletunet/helsehuset.

Det er freistande å sitera Erik Bye: «Politikerne må aldri glemme, verken når de legger seg om kvelden eller står opp om morgenen, at de ikke er folkets herre, men folkets tjener.»

Høyrer politikarane i kommunen på folket? Kva vil dei med kommunesenteret vårt? Kvar vert det av sentrumsplanen som er lova for fleire år sidan?

Skal me ha eit levande kommunesenter, føreset det ei samling av tenester og bustader for å styrkja senteret. Det er viktig å leggja til rette for bustader, handel og service. Handelstilboda må oppgraderast og ikkje flyttast ut av sentrum. Dersom Coop etablerer seg på Dalegarden, så er det dette er langt frå sentrum for dei som ikkje har bil. Konsekvensane kan verta tomme butikklokale i sentrum med gråpapir i vindauga og meir bilbruk som gjev større utslepp av klimagassar. Så spør me oss også om det er nok kundegrunnlag i kommunen til fleire matbutikkar, dersom det skal vera butikkar både på Vaksdal, Stanghelle og Dale. Kanskje er det dei forbipasserande handlesenteret på Dalegarden er meint for?

Alle kommunar har eit kommunesenter. Det skal ikkje hindra utvikling av dei andre bygdene i kommunen, men vera eit senter med gode tenester, butikkar, kafear og kulturbygg som vil vera hyggeleg å besøkja for alle.

No håper me at Dale sentrum vert sett på sakskartet til kommunen før neste kommuneval. Det folka her saknar, er ein opnare kommune, d.v.s me saknar meir informasjon om kva planar kommunen har for kommunesenteret vårt og om det snart vert folkemøte vedkomande sentrumsplanen.

Kirsten Lid, forfattar på oppmoding frå mange dalingar

🏷️ Extracted Entities (18)

Dale (entity) Dalegarden (entity) Fryd (entity) Dalehallen (entity) Daletunet/helsehuset (entity) Dersom Coop (person) Erik Bye (person) Gamleheimen (entity) Geitabakken (entity) Jernia (entity) Kari Seim (person) Kirsten Lid (person) Kompani Lauritzen (entity) Lisa Natalie Johnsen Lunde (person) Messa/Jebsahuset (entity) Stanghelle (entity) TV2 (entity) Vaksdal (place)