Herold

Dale treng eit felles løft

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Lisa Natalie Johnsen Lunde, Ap Published: 2026-03-31 05:46:35
Dale treng eit felles løft

Eg skriv dette både som ung innbyggjar på Dale og som lokalpolitikar i Vaksdal. Desse rollene heng saman for meg. Eg vil snakke kommunen vår opp, for eg ønskjer at fleire skal få lyst til å bu her. Samstundes må vi våge å vere ærlege: sentrum vårt gir ikkje det inntrykket Dale fortener.

Når eg fortel folk at eg bur på Dale, er det altfor ofte utsjånaden på sentrum som blir kommentert. Slitne fasadar, lite vedlikehald og mangel på parkeringsplassar gjer at gata ikkje verkar innbydande. Mykje av det som faktisk er fint, er skapt av eldsjeler på dugnad. Det står det respekt av – men eit sentrum kan ikkje kvile på frivillige åleine.

Store delar av sentrum er i privat eige, og særleg dei største eigarane må ta større ansvar. Korleis Dale ser ut, handlar ikkje berre om estetikk, men om framtida for handel, arbeidsplassar og bulyst. Når heilskapsinntrykket ikkje er på plass, vel folk å handle andre stader – og då blir grunnlaget for butikkane våre svakare. Det har vi allereie fått kjenne på.

Difor er sentrumsplanen som no kjem, så viktig. Vi må sjå heilskapleg på Dale: korleis vi vil at gata skal sjå ut, kvar folk skal møtast, korleis parkeringa skal løysast, og korleis vi kan skape meir liv og aktivitet. Kommunen kan leggje til rette, men vi kjem ikkje i mål utan eit forpliktande samarbeid mellom eigarar, næringsliv og innbyggjarar.

Samtidig må vi hugse alt som faktisk er bra her. Vi har butikkar, kafé, pub, frisørar, apotek, treningssenter, Dalebadet og mange andre tilbod. Som politikarar har vi prioritert gratis SFO, gratis skulemat og ordningar som skal gjere det lettare å bu i kommunen. Men slike tiltak kan ikkje erstatte eit sentrum som ser stelt ut og kjennest levande.

Som Kari Seim sa så fint i sitt lesarinnlegg: Gata treng folk – og folk må bruke gata. Skal Dale bli meir levande, må vi møte opp på arrangement, handle lokalt og heie på dei som tør å satse. Samstundes må vi stille krav til dei som eig og forvaltar sentrum.

Difor vil eg invitere til dialog. Kva skal til for at du brukar sentrum meir? Kva aktivitetar saknar du? Som politikar lovar eg å vere lydhøyr når sentrumsplanen kjem på bordet, og eg vil kjempe for eit Dale som både ser betre ut og kjennest betre å leve i.

Lisa Natalie Johnsen Lunde,kommunestyrerepresentant, Vaksdal Arbeiderparti.

🏷️ Extracted Entities (6)

Dale (entity) Vaksdal Arbeiderparti (person) Dalebadet (entity) Kari Seim (person) Lisa Natalie Johnsen Lunde,kommunestyrerepresentant (organization) SFO (entity)