Herold

Sander vart overraska medan han spelte kort med familien: – Hæ, skal eg få Furorestipendet?

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2026-03-31 09:23:42
Sander vart overraska medan han spelte kort med familien: – Hæ, skal eg få Furorestipendet?

Den unge Sogndalspelaren Sander Granheim fekk seg ei skikkeleg overrasking då han kom heim på påskeferie.

– Hæ, skal eg få Furorestipendet? Dette hadde eg ikkje peiling på.

Det sa den den ferske stipendvinnaren då Stig Roger Eide og Leidulf Gloppestad i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kom med nyhenda. Dei dukka opp på døra til besteforeldra på Sandane. Med seg hadde dei både blomar og ein gåvesjekk på 100.000 kroner, går det fram av ei pressemelding.

– Furorestipendet går til spesielt talentfulle utøvarar innan idrett, kultur og anna i aldersgruppa 15–30 år. Så du bestefar er nok kanskje litt for gamal, sa Gloppestad med hint til bestefar Jonfinn Aske.

Satsar på fotballen

Store delar av påska går til førebuing av årets første seriekamp for Sogndal 2. påskedag. Då møter Sogndal Odd i Skien. Kort tid før han fekk stipendet hadde han signert ny kontrakt med Sogndal ut 2029-sesongen.

Dette påskeegget har eit innhald som er av den svært verdifulle sorten: – Det er voldsomt stas

Sjekken på 100.000 kroner kjem godt med i satsinga.

– Eg hadde faktisk ikkje høyrt om Furorestipendet, så dette var overraskande. Veldig overraskande.

Dette er det første stipendet Sparebankstiftinga deler ut i 2026.

🏷️ Extracted Entities (10)

Furorestipendet (entity) Sogndal Odd (person) Leidulf Gloppestad (person) Sparebankstiftinga Sogn (organization) Fjordane (entity) Jonfinn Aske (person) Sandane (entity) Skien (entity) Sogndalspelaren Sander Granheim (person) Stig Roger Eide (person)