Herold

Småbruket Eidet i Sogndal har fått ny eigar

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Eli Grotle Published: 2026-03-31 09:27:41
Småbruket Eidet i Sogndal har fått ny eigar

Sogn Friluftsråd har teke over som eigarar.

Gardsbruket Eidet (gbnr 90/5), består av seks bygningar og innmark på om lag 15 daa.

De Heibergske samlingar – Sogn folkemuseum (DHS-SF) fekk gardsbruket som testamentarisk gåve i 1987 og tok over drifta i 2000 etter at testator, Svein Henjesand gjekk bort.

Mange planar

– Der har vore mange og gode planar for Eidet. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum (DHS) er eit stort friluftsmuseum med mange plikter. Etter kvart har ein teke inn over seg at det er vanskeleg å nå over alt. Trass i gode intensjonar har museet heller ikkje makta å ta så godt vare på Eidet som dei så gjerne ville, skriv museumsdirektør Trude Knagenhjelm i ei pressemelding.

Har fått tilbod om å overta idyllisk strandeigedom heilt gratis: – Sjansen er her og no

I samtale med Sogndal kommune kom det fram at dei kunne vere interessert i å ta over Eidet og nytte det saman med friluftsområdet på nabotomta.

Etter deira tilråding vart det oppretta kontakt med Sogn Friluftsråd i 2023, som då var under etablering. Sogn Friluftsråd er eit kommunalt oppgåvefellesskap etablert 16. februar 2024 av kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster.

– Sogn friluftsråd vil setje i stand og utvikle eigedomen til eit allment friluftsområde som skal vere ein stad for friluftsliv, aktivitet og undervisning i samarbeid med lokale aktørar, seier Anna Kobbeltvedt i Sogn friluftsråd.

Arven etter Svein

Museet er opptekne av å ta vare på arven etter Svein Henjesand så godt det let seg gjere, heiter det i pressemeldinga.

Stiftinga De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum har vore formell eigar av bruket, og har gitt si godkjenning til avhendinga. Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) har stått for den praktiske delen av denne prosessen.

– Me er glade for at friluftsrådet no tek over, og ynskjer dei lukke til med å ta vare på og utvikle eigedomen, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.

🏷️ Extracted Entities (18)

Småbruket Eidet (person) Sogn Folkemuseum DHS (organization) Sogndal (place) Sogn Friluftsråd (person) Svein Henjesand (person) Fjordane MiSF (organization) Heibergske Samlinger (person) Anna Kobbeltvedt (person) Aurland (place) DHS-SF (entity) Gardsbruket Eidet (person) Jan Heggheim (person) Luster (entity) Lærdal (place) Musea (entity) Trude Knagenhjelm (person) Vik (place) Årdal (place)