Herold

Spytta etter barn og ropte rasistisk skjellsord: – Grovt krenkande og omsynslaust

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2026-03-30 03:00:00
Spytta etter barn og ropte rasistisk skjellsord: – Grovt krenkande og omsynslaust

Ein mann frå Sunnfjord-regionen er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel på vilkår og bot etter å ha spytta etter to barn, vist fingeren og kome med ei rasistisk utsegn i nabolaget sitt.

Mannen, som er fødd på femtitalet, møtte i retten tiltalt etter straffelova sin paragraf 266, for ved skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd å ha krenka ein annans fred.

Mannen erkjente ikkje straffskuld.

Viste fingeren og spytta

Hendinga som mannen no er dømd for skjedde i fjor haust, i nabolaget der både mannen og dei fornærma bur. Mannen stod og vaska bilen sin, då ungane kom ut frå sin bustad. Han skal då ha vist langfingeren, spytta etter barna, og sagt «gå vekk, neger».

Den eldste av barna fortalde mora kva som hadde skjedd, og ho konfronterte mannen med hendinga. Seinare same dag ringde ho politiet, som rykte ut og snakka med både mor og mannen.

Deretter blei det opna etterforsking av hendinga.

Kunne ikkje hugse kontakt med politiet

Mannen hevdar at han ikkje hadde nokon form for kontakt, verken med barna eller mora. Han seier at han ikkje sa noko til dei, han skal heller ikkje ha vist fingeren eller spytta etter dei. Han meiner barnet har forklart seg uriktig om hendinga, og forstår ikkje kvifor barnet skulle seie noko slikt om han.

Hans forklaring er at han ofte spyttar når han er ute, og at han ofte kan gå rundt og snakke med seg sjølv når han held på med ulike gjeremål. Dette er ikkje retta mot andre folk, men berre noko han gjer, og ikkje noko andre treng å «bry seg om», kan ein lese i dommen.

At politiet har vore i kontakt med han om hendinga kunne han ikkje hugse.

Mora til barna fortalde at mannen også tidlegare har skremt både barna, og gjester av familien som har vore på besøk. Også dette nekta mannen for i si forklaring.

Detaljert og truverdig

Retten har i si vurdering lagt vekt på forklaringa til det eldste av barna. Retten meiner forklaringa framstår som både detaljert, truverdig og påliteleg. Retten meinte at mannen si forklaring stod i motstrid til dei andre forklaringane og ikkje let seg foreine med barnet si forklaring til mor, politibetjentane sine opplysningar frå staden, eller det som kom fram i det tilrettelagde avhøyret av barnet.

Retten viser til at paragrafen mannen stod tiltalt for å ha brote, skal verne personleg fred og fridom, og at paragrafen også gjeld for psykiske integritetskrenkingar.

For å bli dømd, er det eit vilkår at handlinga både blir oppfatta av den som blir krenka, og at dette er innanfor gjerningsmannen sitt forsett. Handlinga må vere omsynslaus, og det inneber eit krav om at åtferda står fram som klart moralsk forkasteleg.

Grovt krenkande

Retten er ikkje i tvil om at mannen skal dømmast for handlinga, og viser mellom anna til ytringa sitt rasistiske innhald, barnas alder, og at det skjer utanfor barna sitt heim, der dei skal kunne kjenne seg trygge.

– Handlingane står fram samla som grovt krenkande og omsynslause, skriv retten i sin vurdering.

Forsvararen til mannen meinte at bot ville vere ein passande reaksjon. Retten meinte derimot at allmennpreventive omsyn tilsa ein strengare reaksjon enn berre ei bot.

Deira vurdering er at rett utgangspunkt er fengsel på vilkår i 21 dagar, med ei prøvetid på to år. Dei finn ingen formildande eller personlege forhold som tilseier at straffa skal settast lenger ned enn det.

Mannen får i tillegg til dette ei bot på 10.000 kroner, og må betale sakskostnader på 3000 kroner.

🏷️ Extracted Entities (3)

Fjordane (entity) Sogn (entity) Sunnfjord (place)