Herold

Meg og mitt, eller å ivareta eit levande lokalsamfunn?

Plus
Kilde: Firda Author: Dag Ove Hillersøy, Bulandet Published: 2026-03-30 11:55:51
Meg og mitt, eller å ivareta eit levande lokalsamfunn?

Eg føler meg heldig som kan få bu på ein plass som Bulandet. Her har eg hatt minbarndom, no har eg stifta familie og driv ei bedrift i lag med andre.

Bulandet er for meg ein unik plass som eg vil at framtidige generasjonar skal få ta del i, dersom dei ynskjer det.

Vi er i dag eit levande samfunn med barnehage, skule, matbutikk, ulike bedrifter på sjø og land, som lokalbefolkninga styrer med ei stødig hand. Idrettslag, Grendalag og Bygdalag som skapar aktivitet for store og små.

Ein Fleirbrukshall med symjebasseng, treningssenter og buldrevegg som ca. 40 fastbuande driv på dugnad 365 dagar i året.

Ein må i større grad vere på ballen for å skape og ivareta ulike tilbod på ein plass som Bulandet.

Vegane som vaks fram mellom holmane på 70/80-talet og vegforbindinga mellom Bulandet og Værlandet som stod ferdig i 2003, kravde eit visst inngrep i naturen og bilde av øyriket vart litt meir modernisert.

Vegane vart jobba fram av lokale folk som skjøna at ein må prøve å halde følge med utviklinga for at Bulandet og Værlandet kan stå sterkare i tida som kjem. Vegen mellom Bulandet og Værlandet vann «Vakre vegars pris» i 2006.

Vi haustar av det naturen tilbyr oss, som vi har gjort i generasjonar. Og vi ivaretar kystlandskapet frå å gro igjen.

Lokalbefolkninga vil alltid vere berebjelken i eit samfunn som Bulandet. At den flokken klarar å stå samla, er ein av grunnane til at vi har eit øysamfunn, då mange samfunn langs kysten no er avfolka. Fritidsbustader har mange positive sider, men det vil aldri kunne ivareta samferdsel, lokale tenester eller sjølve verdigrunnlaget.

Bue Salmon har tilført Bulandet og Værlandet attraktive og heilt nødvendige arbeidsplassar. Arbeidsplassar som ungdom kan flytte heim til, og byggje sine familiar rundt. At Bue no ynskjer å justere innseglinga til sitt anlegg, slik at større brønnbåtar kan

«serve» anlegget. Vil ha ein stor miljø gevinst når ein kan redusere antal turar frå dagens situasjon, og livet i strandlinja vil i mindre grad bli berørt når ein fraktar fisk til og frå.

Og med tanke på at denne utbygginga må til for at Bue skal kunne vidareutvikle seg og kunne ta i bruk det arealet som i dag allereie er planert ut for dette formål.

Dersom vi kan tilby eit «pusterom» frå bylivet, ein plass å finne rekreasjon og samle nye krefter, så er alle hjarteleg velkomne, men denne gruppa kan ikkje vere øysamfunnet sitt talerøyr for vidare utvikling.

Vi som har bustadadresse 6987 ynskjer lys i husa, og dei planane som Bue Salmon representerer kan bidra til nettopp det!

🏷️ Extracted Entities (6)

Bulandet (entity) Bue Salmon (person) Værlandet (entity) Bygdalag (entity) Ein Fleirbrukshall (person) Grendalag (entity)