Herold

Dette påskeegget har eit innhald som er av den svært verdifulle sorten: – Det er svært stas

Plus
Kilde: Firda Author: Endre Romøren Published: 2026-03-30 14:38:30
Dette påskeegget har eit innhald som er av den svært verdifulle sorten: – Det er svært stas

Dette er ein god start på påsken for dei som likar Sogndal.

(Sogn Avis): Tidlegare denne månaden kom det fram at Sogndal Fotball hadde takka nei til eit megabod frå Molde på Sander Granheim (18).

Etter det Sogn Avis forstår dreia det seg om summar på over 30 millionar kroner.

Sogndal avslo megabod – ville blitt tidenes dyraste overgang mellom to norske klubbar

Men Sogndal ville ikkje sleppe det ettertrakta stortalentet no, og måndag kan dei i staden presentere ei gladnyheit:

Granheim har skrive under på ein forlengja kontrakt med sogndølane!

Hans originale avtale gjaldt ut 2028, no er den ut 2029.

– Eg føler vi har noko spennande på gang her i Sogndal. Eg utviklar meg veldig bra i dette miljøet og har framleis mykje å læra, seier Granheim til klubbens nettsider.

– Svært stas

Sportssjef Terje Skjeldestad seier denne signeringa er strategisk viktig for Sogndal Fotball, og ser på 18-åringen som det perfekte dømet på klubben sin identitet og strategi.

– Vi tykkjer det er svært stas at ein av dei mest ettertrakta spelarane i Norge vel å knytte seg til oss over endå lenger tid. Det fortel oss at han og apparatet rundt han har tillit til den langsiktige strategien vår. Vi skal utvikle unge, lokale talent, seier Skjeldestad.

Gamblar Sogndal med 30 millionar?

Klubbens ansvarlege for spelarlogistikk, Håvard Flo, har jobba med forlenginga over tid.

– Den er eit resultat av at vi alle deler dei same tankane rundt utvikling, framtid og rolle i laget for Sander. I prosessar med kontraktsforlengingar er vi avhengige av å ha god dialog med både familie og rådgjevarar, som Nordic Scouting i dette tilfellet, for å lukkast, seier Flo.

Skjeldestad dreg parallellar til tidlegare profilar som har teke steget frå Fosshaugane og ut i den store verda.

– Sander går no same løp som til dømes Even Hovland og Sivert Mannsverk gjorde før han. Sander er ei stor inspirasjonskjelde for alle dei unge talenta i distriktet og viser kva som er mogleg med ærleg og hardt arbeid kvar einaste dag, seier han.

Store steg

Dette er tredje gongen Granheim signerer kontrakt med Sogndal på under eitt år.

Han var B-liste-spelar då han spelte sine første seriekampar i fjor vår, fram til han skreiv under på sin første avtale på Fosshaugane.

Gode prestasjonar gjorde at ein ny og lengre avtale raskt kom på bordet, og no er den altså utvida på ny.

– Sander blei fort ein veldig stabil spelar på laget vårt. Han presterte på eit godt nivå, og handterte den merksemda han fekk med audmjukskap og med fokus på jobben han skal gjere kvar dag, seier hovudtrenar Luis Pimenta.

Han legg til:

– Så likar vi godt at han er meir og meir open i dei individuelle samtalane med konkrete meiningar og observasjonar på kva han kan forbetra. For eksempel ser vi at han har teke gode steg på kommunikasjon på bana. Han er fokusert på neste steg heile vegen, det lovar godt.

Attende

Granheim har vore ute med skade i ein periode av oppkøyringa til årets sesong, men var attende på bana då han spelte 65 minutt mot Åsane i søndagens treningskamp.

– Eg meiner vi har sett bra ut i vinter, og vi har gode moglegheiter for å gjere det bra i år, seier han.

🏷️ Extracted Entities (14)

Sogndal Fotball (person) Sander Granheim (person) Fosshaugane (entity) Håvard Flo (person) Sportssjef Terje Skjeldestad (person) B-liste (entity) Even Hovland (person) Luis Pimenta (person) Molde (place) Nordic Scouting (person) Norge (entity) Sivert Mannsverk (person) Sogn Avis (person) Åsane (entity)