Slik kan det bli: Sjå forslaga
Plus
To millionar skal brukast på kunst føre Førdehuset og på brua på Løken.
No er «dei nominerte» klare.
Førde skal bli litt kulare. Heile 120 kunstnarar har meld si interesse. Kunstkonsulent i Førdepakken, Magnhild Øen Nordahl meiner kunsten er prikken over i-en i løftet Førdepakken gir byen.
– Vi er veldig begeistra for at så mange synest dette er eit spanande prosjekt, seier ho.
Smartembed for https://www.firda.no/api/graff/v1/component/enkel-poll?id=85657
Bla deg gjennom forslaga under!
Førdehuset:
Slik kan det bli føre Førdehuset
Brua på Løken:
Slik kan det bli på brua på Løken
Alle bilda er skisser. Det ferdige resultatet kan skilje seg noko frå desse.
Det er lyst ut to oppdrag: Ein på brua over Løken og ein ved inngangen til Førdehuset. Oppdraga er på éin million kroner kvar, og er ein del av bompengeprosjektet Førdepakken.
20. mars fekk dei skisseforslaga frå kunstnarane. Utvalet skal kåre vinnarforslaga etter påska.
Kunstverka skal etter planen installerast neste vår.
– Gir Førde eit løft
Kunstutvalet i Førdepakken vurderte kunstnarane ut ifrå erfaringa dei kunne vise til i liknande prosjekt og som utvalet meinte hadde ei praksis som tilsa at dei kunne lage noko spanande for dei ulike plassane. Prekvalifiseringsrunden førte fram til at seks kunstnarar fekk levere inn sine forslag i ein lukka konkurranse.
Kunstnarane har vore på synfaring i Førde. Øen Nordahl er svært nøgd med forslaga dei har kome med.
– Det er jamt over høg kvalitet, og det er morosamt at dei har vald så ulike tilnærmingar, seier ho.
– Kva er poenget med kunst i det offentlege rom, Øen Nordahl?
– Sidan dette er kunst ute i byrommet der folk ferdast, kan det vere med å skape aktivitet og gode møteplassar. Det kan skape ein felles identitet. Det er med å gi Førde eit skikkeleg løft, saman med alle dei andre fine tinga i Førdepakken.
Cherie: – På høgde med det beste i London
Hugsar du denne? No kan det kome ny attraksjon i Jølstra