Herold

Motor på 100 tonn kvelva

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-03-30 12:18:11
Motor på 100 tonn kvelva

Ein av dei største motorane som vert produsert på Hordvikneset kvelva natt til laurdag. – Ei uheldig overrasking, seier direktøren til BT.

Uhellet skjedde inne i fabrikken då ein motor på over 100 tonn skulle flyttast til etterkontroll. Ifølgje direktør Jon Erik Røv ved Bergen Engines skal motoren ha sklidd av vogna han stod på.

Ingen personskader

Sjølv om kreftene er enorme når ein gassmotor i denne storleiken går i bakken, gjekk det bra med dei tilsette.

– Det er ingen personskader, kun materielle skader, seier Røv til BT.

Direktøren fortel vidare at motoren lèt seg reparera og at uhellet ikkje vil påverke den daglege drifta ved selskapet. Han ønskjer ikkje å gå ut med den nøyaktige verdien på motoren, men stadfestar at det er ein av dei største modellane deira, av typen B36:45V.

Politiet etterlyser varsling

Politiet i Bergen nord seier at dei ikkje var kjende med hendinga i helga. Politioverbetjent Gisle Nordvik meiner etaten burde vore varsla.

– Både politiet og Arbeidstilsynet burde ha vore kobla på når det er såpass stor tyngde. Dette burde vi ha undersøkt, seier Nordvik.

Røv har ikkje ønska å kommentere utsegnene frå politiet.

Etter konkursen har bygget stått tomt i to år: No er nye på plass

🏷️ Extracted Entities (7)

BT (entity) Bergen Engines (person) Jon Erik Røv (person) Politioverbetjent Gisle Nordvik (organization) Arbeidstilsynet (entity) B36:45V (entity) Hordvikneset (entity)