Herold

Verda går framover, også på Voss

Plus
Kilde: Hordaland Author: Kjell Herheim, pensjonert handelsmann, Voss Published: 2025-12-01 10:46:36
Verda går framover, også på Voss

Voss Rotaryklubb hadde sist onsdag vitjing av næringssjefen i Voss Herad, Kaia Finne. Dette var ei svært positiv oppleving og me fekk framifrå informasjon om nye tankar og framtidsplanar for heile Voss.

Tenk næringslivet på Voss har fått kommunal næringssjef, som bryr seg om vossabedriftene, både under etableringar og drift! Eg dreiv butikk på Vangen i 42 år og opplevde noko heilt anna, hadde ei kjensle av at me forretningsdrivande var meir til bry enn nytte for kommunen. Eg spurde ein gong ordføraren, og nokre år seinare rådmannen om kor mange dei trudde eg hadde i arbeid. Ingen av dei visste, men skattar og avgifter ville dei ha.

For vel 20 år sidan fekk me ei anna «takk» frå kommunen, etableringa av eit konkurrerande handlesenter i Haugamoen, med utanbygds eigarar, Vangen lid enno av dette. Eg har difor eit råd til næringssjefen, sjå også dei små bedriftene. Ikkje berre ha møte med Næringshage og Næringsråd, men inviter deg på ein samtale hjå dei små og, eg er sikker på at du er velkomen.

Og har du gjort heimeleksa di har du kanskje funne ut at bedrifta går med overskot, har fleire tilsette som skattar til Voss, ja dei har jamvel etablert hus og heim her av løna dei har motteke på denne arbeidsplassen. Då vil bedriftseigaren sitja att med kjensla av å verta sett, også av dei på Tinghuset, så kanskje han skulle ta oppussinga til våren likevel?

Han er ny leiar for ein organisasjon i vekst: – Folk er frykteleg engasjerte Rotaryklubben loddar ut dette grindbygget Millionane dryssa over Voss og Hardanger. Skal bruka pengane på ny stilling