Herold

En by med tomme lokaler?

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Lene Trude Solheim Published: 2025-12-01 11:34:08 Last updated: 2025-12-01 11:35:44
En by med tomme lokaler?

Vi elskar gode tilbod. Vi liker raske klikk, og julegÄver som landar rett i postkassa heime.

Billig pĂ„ nett – dyrt for lokalsamfunnet?

Lene Trude Solheim

RegiondirektĂžr i NHO MĂžre og Romsdal.

Du leser nÄ et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Men la oss vere ĂŠrlege: KjĂžper du julegĂ„vene frĂ„ ein utanlandsk nettbutikk, sparer du kanskje nokre kroner – men samtidig risikerer vi at lokalsamfunnet mĂ„ ta rekninga.

For kvar pakke som kjem frÄ utlandet, forsvinn arbeidsplassar, skatteinntekter og verdiskaping ut av landet. Det er ikkje berre butikkane som taper, det er dei lokale mÞteplassane, fotballaget eller korpset til dottera di, og festivalen som skaper liv i sentrum. Den utanlandske nettplattforma sponsar ikkje lokalt engasjement og tek ikkje samfunnsansvar i bygda di. Den gir ikkje ungdommen sin fÞrste jobb. Den bryr seg ikkje om julestemning i sentrumsgata eller tenning av julegrana.

Julehandelen er livsnerven for mange butikkar. I fÞlgje tall fra NHO Handel og Service, som organiserer mange av butikkane i handelsnÊringa, utgjer den over ein tredel av Ärsomsetninga. Nettopp derfor er vÄre val om Ä handle lokalt, eit viktig bidrag til levande lokalsamfunn.

Dette handlar ikkje om Ă„ vere nostalgisk. Lokale og regionale butikkar tar ogsĂ„ digitaliseringa pĂ„ alvor. Dei har nettbutikkar, dei leverer heim, dei konkurrerer pĂ„ kvalitet, service og nĂŠrleik. Men dei kan ikkje konkurrere mot selskap som opererer med andre spelereglar, der omsyn til klima, miljĂž og fellesskapet ikkje er viktig. Ikkje er det sikkert at pakken frĂ„ ‘Langtvekkistan’ rekk fram til postkassa di fĂžr jul heller.

SĂ„ spĂžr deg sjĂžlv: Vil du ha ein by eller ei bygd med tomme lokale, mĂžrke gater og nedlagde butikkar? Eller vil du ha eit sentrum med liv, arbeidsplassar og mĂžteplassar? Valet tek du med kvart einaste klikk.

Billig kan bli dyrt. Ikkje for deg i dag – men for lokalsamfunnet i morgon. Vil du ha butikken der resten av Ă„ret, er det klokt Ă„ handle der ogsĂ„ til jul.

Vil du skrive i PÄ trÄden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, NHO, Lokalsamfunn, Sentrum, Handle lokalt, Nettbutikk
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, NHO, Lokalsamfunn, Sentrum, Handle lokalt, Nettbutikk