Herold

Brann i einebustad på Valen: – Huset er overtent

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Erlend Handeland Tuastad Published: 2026-03-28 21:37:54
Brann i einebustad på Valen: – Huset er overtent

Ein einebustad på Valen er totalskadd i brann. Naudetatane på staden melder at det ikkje skal vera folk i huset.

Oppdatert: Klokka 11.45 søndag melder brannvesenet at brannen er sløkt.

Klokka 22.35 laurdag sende politiet ut melding om brann i ein einebustad på Valen.

Alle naudetatane rykte ut, og det politiet melde om at det var observert flammar.

– Politiet og ambulanse er på staden. Brannvesenet har start sløkking. Huset er overtent, skriv politiet klokka 22.45.

Brannvesenet har rykka ut med mannskap frå tre stasjonar.

Innsatsleiar Sondre Solheim i politiet fortel at det ikkje skal vera folk i huset.

– Opplysingane vi har per no er at det ikkje er folk i huset. No er det først og fremst brannvesenet som skal driva sløkkearbeid for å avgrensa skadane mest mogleg. Så vil vi etterforska etter kvart, men det kjem i andre rekke, seier Solheim.

Han fortel at huset var overtent då dei kom til staden. Ingen naboar er evakuerte.

– Det er god røykutvikling på staden, men det er ikkje fare for andre eigedomar i nærleiken, seier Solheim.

I fire-tida natt til søndag melder politiet at huset er totalskadd.

– Brannvesenet vil halda fram sløkkearbeidet utover morgonen, skriv politiet i politiloggen.

🏷️ Extracted Entities (2)

Valen (entity) Innsatsleiar Sondre Solheim (person)