Herold

Har laga 140 lokalaviser åleine. Gir seg etter 18 år

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-03-29 17:19:29
Har laga 140 lokalaviser åleine. Gir seg etter 18 år

Marianne Furevikstrand har stått for Bygdeavisene sidan 2008. No går ho til ny leiarjobb ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Det melder ho sjølv på bygdeavisene sine Facebooksider søndag kveld.

– Eg gler meg veldig til å bli ein del av eit lag. Etter 18 år kjenner eg ein viss slitasje på å drive fram alt sjølv og ta alle avgjerder sjølv. Eg blir fort einig med meg sjølv – eg treng nokon som seier mot meg og samtidig jobbar med meg.

Slik ordlegg Furevikstrand sjølv seg om avgjersla om å gi seg med Bygdeavisene, som har dekt lokalsamfunna Askvoll, Holmedal og Fjaler sidan 2008.

140 aviser

Avisprosjektet har også vore Furevikstrand sitt enkeltmannsføretak og arbeidsplass gjennom alle desse åra.

– Sidan 2008 har eg laga 140 papiraviser, heilt sjølv. Eg har lytta og notert, fotografert, sett opp avisene grafisk, selt annonsar og abonnement, trykt aviser i timesvis gjennom natta, klistra på adresselappar, frankert aviser, køyrt dei rundt til postkassane til folk og på det viset fått formidla fornøyelege historier frå kvardagslivet ved fjorden, skriv ho vidare.

Når ho no gir seg, er det grunna ein ny jobb ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Her byrjar ho som kommunikasjonsleiar frå 1. juni.

– Litt sårt

Ho skildrar valet å gi seg som litt sårt, og skriv vidare at det er rart å kjenne seg kjempeglad og trist samstundes.

– Men sånn har dei siste dagane vore. Eg er takknemleg for å ha fått tilbod om den jobben eg ønskte meg, skriv Furevikstrand.

18 år som lokalavisskapar omtalar ho som ein epoke. Ho utrykker også stoltskap over å ha hatt det som levebrød i så mange år, noko som ho understrekar at på ingen måte har gått av seg sjølv.

Det kan du lese meir om i denne tidlegare Firda-reportasjen:

Etter 15 år får Marianne framleis ikkje sjefen med på lønnsforhandlingar

🏷️ Extracted Entities (7)

Marianne Furevikstrand (person) Bygdeavisene (entity) Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (organization) Askvoll (entity) Facebooksider (entity) Fjaler (entity) Holmedal (place)