Herold

Tenk om du brått mista hus og heim, utan å ha noko du skulle sagt?

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Eirin Stensvoll Brandsøy, styremedlem, Palestinakomiteen Sunnfjord, Florø Published: 2026-03-29 16:00:00
Tenk om du brått mista hus og heim, utan å ha noko du skulle sagt?

Sjå føre deg at huset ditt ligg på ei tomt som har vore i familien din i generasjonar.

Så får du beskjed om at du ikkje lenger har rett på jorda.

Ikkje fordidu har gjort noko gale, men fordi du høyrer til feil gruppe.

Du får ikkje bygge ut. Ikkje reparere. Mest truleg får du ikkje ein gong bli buande.

Samtidig flyttar det inn andre i området, med andre rettar enn deg. Nokon av dei kjem og tek både tomta og huset ditt, med full støtte frå militær og politi. Når de protesterer, opnar dei eld og fleire av dykk blir skotne. Seks personar blir drepne.

Dette erbakgrunnen for Landdagen, som palestinarar markerer 30. mars kvart år.

Dagen oppstod i 1976, då israelske styresmakter konfiskerte store landområde frå palestinarar i Galilea. Protestane som følgde, vart møtt med makt. Seks palestinarar vart drepne.

Sidan den gong har dagen blitt eit symbol på noko større: kampen for land, rettar og likskap.

Det blir ofte sagt at Israel er det einaste demokratiet i Vest-Asia, det mange omtalar som Midtausten, eit omgrep som tek utgangspunkt i eit europeisk perspektiv.

Men kva betyr det når vi ser på kven som får behalde hus, heim og rettar.

Og kven som mistar det?

Palestinske borgarar av Israel har stemmerett og kan stille til val. På papiret har dei same borgarrettane som det jødiske israelarar har.

Samtidig viser ei rekkje rapportar at mange bur i område med lågare offentlege investeringar, og møter større hindringar når det gjeld byggjeløyve, arealplanlegging og tilgang til ressursar, også når det gjeld tilgang til vern, som til dømes tilfluktsrom når landet er under angrep.

I 2018vedtok Israel ei grunnlov som slår fast at staten er det jødiske folkets nasjonalstat. For palestinske borgarar forsterkar det opplevinga av at staten i større grad er for ei gruppe, sjølv om dei er borgarar.

Forskjellen mellom rettar på papiret og i kvardagen folk faktisk lever i, blir dermed tydeleg.

På Vestbreidda blir skilnadane endå tydelegare.

Der harpalestinarar i generasjonar opplevd at land og heimar blir tekne på brutalt vis, til fordel for israelske busetjingar. Samtidig lever dei utan stemmerett i det politiske systemet som i stor grad styrer området.

Israelske busetjarar i dei same områda er under israelsk sivil lov. Palestinarar lever under militær lov. Ofte blir dei fengsla utan grunn og utan ein rettferdig rettsprosess. Mange sit fengsla i fleire år utan dom. I motsetnad til busetjarar, som ofte får mild straff, dersom dei i det heile blir straffa.

To grupper.Same land. Ulike rettar.

I tilleggkjem rapportar om vald frå israelske busetjarar mot palestinarar, angrep på landsbyar, øydelegging av eigedom og trakassering i kvardagen.

For mange opplevast det som eit system der vern og rettstryggleik ikkje egjeld likt.

Slik er det og i praksis.

I Gaza lever over to millionar menneske med strenge restriksjonar på det meste, inkludert basisvarer, medisinar og tilgang til omverda. Også her handlar det om kontroll over land og livsgrunnlag.

Israel trekte ut busetjarar og soldatar frå Gaza i 2005, men dei heldt fram med kontroll av grenser, luftrom og kystlinje. Det påverkar kvardagen til dei som bur der, på dei fleste område i livet.

Per i dager store delar av Gaza øydelagt og dei fleste lever på flukt. Grensene er stengt og svært avgrensa midlar slepp inn.

Så kva sit vi igjen med?

Eit system der ulike grupper lever på same område, men med ulike rettar til land, ulike lovverk og ulikt tilgang på vern. Eit system der ikkje alle kan påverke dei politiske avgjerdene som formar kvardagen deira.

Er det nok å vise til demokratiske institusjonar, når det ikkje gjeld for alle?

Når palestinarar markerer Landdagen, handlar det ikkje berre om det som skjedde i 1976.

Det handlarom noko som framleis er aktuelt i det daglege:

Kven får bli verande på jorda si?

Kven blir pressa vekk?

Og kva rettar følger med, eller ikkje.

🏷️ Extracted Entities (6)

Israel (entity) Gaza (entity) Landdagen (entity) Galilea (entity) Midtausten (entity) Vest-Asia (entity)