Herold

Trafikkulykke på E6 i Levanger – bil har køyrd ned fleire lyktestolpar

Kilde: NRK Author: Henning Levold Published: 2026-03-29 08:11:49 Last updated: 2026-03-29 08:58:56
Trafikkulykke på E6 i Levanger – bil køyrde ned fleire lyktestolpar

Føraren blei tatt med til legevakt og meldt til politiet.

Ulykka fann stad på E6 i Levanger i Trøndelag.

– Ein bil involvert og køyrd ned fleire lyktestolpar. Airbagar utløyst, meldte politiet klokka 9.51.

Litt over klokka 10 er naudetatane framme på staden. Føraren fekk først behandling på staden før han blei tatt med til legevakt.

– Helse tar med fører til legevakt for vidare undersøkingar, fortel Fiskvik.

Bilen står i grøfta og trafikken kan passere.

– Lyktestolpar ligg også utanfor vegbanen. Avventar bilberging.

Fleire lyktestolpar blei øydelagde.

Blir meldt til politiet

Klokka 10.41 fortel Fiskvik at politiet har pratet med sjåføren.

Sjåføren er ein mann i tenåra og framstår uskadd.

– Ikkje mistanke om ruskøyring. Ikkje førarkortbeslag.

Fiskvik fortel at mannen blir melt til politiet for ulykka.

– Bilberging på veg og vegen blir truleg stengt eit kort augeblink i den forbindelse.

Operasjonsleiaren fortel at trafikken flyt normalt forbi staden.

Ulykka skjedde ved Nossum i Levanger.

🏷️ Extracted Entities (7)

Levanger (entity) E6 (entity) Trafikkulykker i Trøndelag 📁 (category) Trøndelag 📁 (category) Fiskvik (place) Nossum (entity) Trøndelag (entity)

📊 Metadata

Category: Trøndelag, Trafikkulykker i Trøndelag
OpenGraph Title: Trafikkulykke på E6 i Levanger – bil har køyrd ned fleire lyktestolpar
Twitter Title: Trafikkulykke på E6 i Levanger – bil har køyrd ned fleire lyktestolpar