Herold

Ei furu som lyser i mørket

Plus
Kilde: Nordnorsk debatt Author: Geir Jon Aarskog, Banak, Porsanger Published: 2025-12-01 09:54:51
Ei furu som lyser i mørket

Kvart år, når mørketida legg si store, blå kappe over Porsanger,kjem eit nytt juletre til torget i Banak.

Kvar vinter står eit nytt tre der –aldri perfekt, aldri heilt rett, aldri slik eit julekort sørpå ser ut.Eitt år krokete, eitt år vindskakt, eitt år som eit stille smilmidt i vinterkulda.

Og kvart einaste år finst det nokon som ler.VG, lokalpressa, forbipasserande som meinerat eit tre skal vere noko anna enn det naturen gav det lov til.

Men kanskje er det vi som har misforstått?Kanskje er det ikkje furua som ikkje passar inn –kanskje er det målet vårt som er skeivt.

For her i nord veks trea slik livet veks: sakte, skeivt, men sant.Furene i Porsanger høyrer til det eldste furuskogbeltet i kongeriket.Nokre av dei bar nåler og snø før Danmark–Noreg,før grenser, før olje, før alt vi kallar moderne tid.

Trea veit ting vi har gløymt.Og når det nye juletreet vert sett opp –litt skeivt, litt stolteleg, litt nordnorsk i haldninga –står det der og lysersom om det har ei bod til oss.

At det perfekte er umogleg.At det perfekte heller ikkje trengst.At lyset ikkje spør om vinklar og proporsjonar.At noko kan vere vakkert nettopp fordi det har levd.

I ei førjulstid full av krav, lister, forventningar, står treet på Banak og minner oss påat lys handlar om røter, om fellesskap,om å stå tett saman når mørketida trykkjer som mest.

Så når du går forbi treet i år –det nye treet, det annleis treet, det ekte treet –stopp.

Lytt.

Kanskje du høyrer same kviskringa som eg:

Du treng ikkje vere perfekt.Ingen er det. Ingen skal vere det.Men du lyser – og det er nok.God førjulstid frå Sápmi og Kvenland.