Bygd på modellen av eit rotlaust tre?
Plus
Skule er meir enn berre ei offentleg teneste. Skulen er sosial infrastruktur for vekst og tilhøyrsle, og like viktig for ei velfungerande grend som straum i stikkontakten og vatn i springen.
Tilhøyrsle, sosial tryggleik og identitet vert skapt på fleire plan samtidig: i idrettslag, grendalag, nabolag og klasserom. I dag forsterkar desse kvarandre og skapar eit robust nettverk for våre barn og familiar. Framlegget om ein sentralisert storskule vil riva desse verdifulle strukturane frå kvarandre, med uvisse konsekvensar for oppvekst og integrering i bygdene våre.
Me har ikkje tillit til at det framlagte forslaget er tilstrekkeleg utgreidd. Me er uroa over det grunnlaget som framlegget er bygd på, og over dei openbart store ringverknadene dette vil få for meir enn berre skulen i seg sjølv. Ei sak av denne storleiken, som grip så djupt inn i sjølve grunnlaget for lokalsamfunna våre, krev ei brei og grundig konsekvensanalyse. Slik utgreiinga står i dag, speglar ho ikkje djupna i dei problemstillingane som vil fylgja.
Me ynskjer difor at fleire alternative løysingar vert utgreidd. Ein må sjå på modellar som ivaretek den sosiale infrastrukturen i heile heradet, også i dei mindre grendene, framfor ei løysing som prioriterer sentralisering på kostnad av nærmiljøa kring dagens skular.
Politikarane lyt stilla seg det grunnleggjande spørsmålet: Kor ynskjer ein at framtidas barnefamiliar skal ha lyst til å bu? På Voss? I sentrum? Eller ynskjer me ei bygd der det framleis er lys i gamle hus og yrande liv i kvar einaste grend?
Dersom me riv ned det sosiale limet i bygdene, gjer me kommunen mindre attraktiv for dei som skal bygge framtida si her. Me må også spørja: Skal naturen vår berre vera til for dei tilreisande, eller skal me som veks opp her også få glede av den og bruka den i vår kvardag?
Me har all grunn til å sjå lyst på framtida, så lenge me held fast ved vår unike styrke. Voss sin identitet er ikkje éin, men mange – den spring ut frå kvar einaste grend og den tilhøyrsla som vert skapt der. Det er dette mangfaldet som i alle år har gjeve kraft og liv til sentrum. Foreldreutvala ved alle barneskulane på Voss stiller seg samrøystes kritiske til forslaget om å etablere ein ny og stor barneskule på Vangen.
I folkemøta vart Livets Tre nytta som modell for å illustrere den nye senterstrukturen. Ironisk nok mangla dette treet røter. Grendene våre er ikkje berre greiner på toppen, dei er også røtene som gjev treet liv.
FAU Vangen Skule
FAU Gullfjordungen Skule
FAU Evanger Skule
FAU Bulken Skule
FAU Gjernes Skule
FAU Palmafossen Skule
FAU Bjørgum Skule
FAU Granvin Barne- og Ungdomsskule
FAU Vossestrand Barne- og Ungdomsskule
FAU Skulestad Skule
Sterkt engasjement på Bjørgum: Bygda samla i kampen for skulen og grendesenteret
Kvar vart det av alternativa? Skuffa over oppmøtet då framtida til skulane vart lagt fram på Voss