Herold

Då er det den tida av året igjen – og kva veg skal den?

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2026-03-28 10:42:10
Då er det den tida av året igjen – og kva veg skal den?

Natt til søndag 29. mars skal me stilla klokka éin time fram. Det betyr sommartid og lysare kveldar.

Justervesenet passar på Noreg si tid, men snik seg ikkje inn i huset ditt om natta og stiller klokkene dine. Det skjer stort sett av seg sjølv, men om ein har eldre komfyrar, analoge klokker og liknande må ein ta seg ein runde med manuell klokkestilling.

Dette skjer altså førstkomande søndag, opplyser Justervesenet i ei pressemelding.

Kvifor har me sommartid?

Sommartid er den perioden av året der klokkene blir stilte éin time fram samanlikna med resten av året.

– Sommartid vart opphavleg innført i ei rekkje land i Europa under første verdskrig, der målet var å utnytta dagslyset betre i den perioden av døgnet ein normalt er vaken. Éin lys time ekstra om kvelden ville mellom anna spara energi til oppvarming og belysning, heiter det i pressemelding frå Justervesenet.

Hos Justervesenet på Kjeller ligg tidslaboratoriet med atomklokkene som bidreg til den felles tida i verda (UTC). UTC blir berekna av «hovudtidssentralen» ved det Internasjonale byrået for mål og vekt i Paris på bakgrunn av data frå ca. 500 atomklokker rundt om på kloden.

Ved å delta i det globale samarbeidet sørgjer Justervesenet for at me har tilgang til påliteleg og sporbar tid.

Mange ønskjer å fjerna ordning med å stilla klokka, men per mars 2026 er dette framleis ei lovpålagt forskrift i Noreg.

🏷️ Extracted Entities (7)

Justervesenet (entity) Noreg (entity) Europa (entity) Internasjonale (entity) Kjeller (entity) Paris (place) UTC (entity)