Sviket mot geitene på Kvist
Plus
Stortinget vedtok for snart eit år sidan at flokken med forvilla geiter på Kvist ikkje skulle avlivast innan den fastsette fristen, men at det skulle arbeidast vidare for å finne løysingar som sikrar dyrevelferda og ivaretar genmaterialet.
Denne planen blir no gjennomført, men ikkje slik som mange trudde. Den eksisterande flokken blir avvikla, og ein ny flokk, basert på kje frå 2025 og eventuelt temde dyr skal inn i eit registrert dyrehald. På sikt er planen at desse dyra skal tilbake og beite på Kvist, men ikkje før alle dyra i den noverande flokken er borte.
Temjing av dyr som har levd heile livet fritt og utan kontakt med menneske vil vere ein tidkrevjande prosess, og det er normalt ikkje gjort på ein vinter. Dyr som reagerer med stress, frykt, forsøk på flukt eller aggresjon blir avliva. Dette gjeld dei fleste dyra som er blitt tatt inn, ifølge Mattilsynet.
Om dyrevelferda skriv Mattilsynet at det er hjelpeplikt for forlatte kje som står i fare for å bli utsette for unødig liding som følge av nedkjøling, underfôring, sjukdom, skader eller risiko for å bli tatt av rovfugl/rovdyr. Men Mattilsynet påpeiker at å ta friske kje frå friske mordyr vil påføre mordyret fare for sjukdom og død, i tillegg til uro og stress som følge av å miste kjeet. Kan ein vere trygg for at det berre er i naudsfall kjea blir tatt frå mora, og at det ikkje blir gjort for å sikre gener?
For mange har den unike flokken ein affeksjonsverdi. Men mange er urolege for lidingane for dyra når dei blir fanga og tvinga inn i menneska sine system. Dyra skal evaluerast og dei som kan la seg temje skal merkast og setjast i fjøs. Når menneska overstyrer avlen og livet til geitene, kan det genetiske materialet som fagmiljøa er opptekne av å bevare, på sikt bli utarma og forsvinne.
Dette kan verke som ei snikinnføring av Mattilsynet sitt opprinnelege vedtak. Mattilsynet som ikkje har ressursar til å følge opp meir enn halvparten av alvorlege bekymringsmeldingar - dei bruker no store ressursar på å avvikle eit dyrehald fordi dyra ikkje er tamme. Mattilsynet overser ofte verkelege lidingar for dyr i produksjon, dyr som manglar det grunnleggande av stell, fôring, reinhald og som aldri får kome ut, men drep friske dyr fordi dei lever fritt. Samtidig gjer dei ingenting for dei mange forvilla flokkane med heimlause kattar, der tusener kvart år døyr av svolt, kulde og sjukdommar.
Det er ikkje spesielt at ein geiteflokk blir avliva. Kva dag blir dyr sorterte ut for slakting, og kvar dag blir rundt 200.000 dyr slakta i Norge. Dei fleste av desse dyra har aldri opplevd den fridomen som geitene på Kvist har hatt, dei fleste har ikkje eingong sett sola. Det har ikkje berre vore idyll for geitene heller, naturen kan vere nådelaus, men dei har hatt glede av ein fridom som mange dyr i menneska sin varetekt aldri får oppleve.
Tragedien er for dei friske dyra som blir drepne fordi dei ikkje lar seg temje. Dette skjer om våren, når bindinga mellom mødre og kje er sterkast. Det blir snakka fint om dyrevelferd og genetiske ressursar som blir ivaretatt. Men ein ting er sikkert - alle dei friske dyra som må bøte med livet opplever ingen dyrevelferd. Vi har altfor lett for å ta livet av dyr, ta frå dei gleder og framtidige opplevingar, og til overmål kalle det dyrevelferd.
Når dei staselege storbukkane og geitene med robuste gener, utvikla gjennom mange tiår med naturleg seleksjon, blir fanga inn og avliva fordi dei ikkje er tamme nok - må ein spørre:
Er dette verkeleg den einaste løysinga? Og var det dette Stortinget stemde for?