Byane tronar øvst på studiegjeldsletting
Plus
I Sunnfjord har nesten 700 fleire personar søkt om å få sletta studiegjelda si enn i Sogndal. Kommunane toppar landsstatistikken.
Dei tre byane i Sogn og Fjordane og Sogndal tronar saman den nasjonale statistikken for søknader om studiegjeldsletting i distrikta.
– Dette viser kor viktig denne ordninga er for Sogn og Fjordane, seier stortingsrepresentant Erling Sande.
Ordninga slettar 25.000 kroner av studiegjelda til dei som tek seg arbeid i 189 distriktskommunar. Smartembed for https://datawrapper.dwcdn.net/baeBD/1/
Sunnfjord størst
Seks dagar før søknadsfristen 31. mars har Lånekassen motteke nær dobbelt så mange søknader frå Vestland enn noko anna fylke.
Her har 12.177 søkt om studiegjeldsletting. På andreplass er Nordland med 6.890. Friluftsliv, sletting av studiegjeld og kjærasten held Jakob verande i bygda
Det er studiestadane til HVL i Sogn og Fjordane som kjem best ut, viser tala. I Sunnfjord har 2.056 søkt til ordninga, i Sogndal 1.306 personar.
Etter dei kjem Kinn, altså Måløy og Florø, med 1.256. Smartembed for https://www.sognavis.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=508400
Treng me det?
Med positive prognosar for folketalsutvikling, skil Førde og Sogndal seg ut frå mange andre av kommunane på lista.
Sande er tydeleg på at dei og likevel bør vera med på ordninga.
– Dei treng dette. Det er populære stadar å bu i dag, men me må halda det slik. Me veit at det er større sjanse for at folk blir verande dersom dei tek utdanning i Sogn og Fjordane, enn om dei tek den utanfor. Denne ordninga gjer det meir realistisk for fleire å bli verande etter avslutta utdanning, seier Sande.
– Samstundes kan ho bidra til at fleire kjem heim tidlegare. Me ser at nokre kjem til flyttande hit etter at dei får barn, men dette aukar sjansen for at dei kjem tidlegare, og det aukar sjansen for at dei blir verande. Eg trur dette kan bli tyngda på vektskåla som gjer at mange vel å busetja seg her, seier Sande. Vil jobba for fornya tillit: – Det har ikkje vore den enklaste veka