Herold

10 mill. kroner kan slettes i Tinn - hugs å søke

Plus
Kilde: Rjukan Arbeiderblad Author: Jarand Felland, ordførar (Sp), Tokke Published: 2026-03-28 12:11:59
10 mill. kroner kan slettes i Tinn - hugs å søke

Stortinget løyvde omlag 63 milliarder kroner til høgare utdanning og forsking for 2026. Dette går til finansiering av universitet, høgskular mm. Mesteparten av desse pengane går til institusjonar som ligg i kommunar som Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, men det går også 5 mrd. kroner til støtte av ulike EU-program.

Det har alltid vore slik at mange med høgare utdanning blir verande på utdanningsstaden. Men vi treng folk med høgare utdanning over heile landet.

Senterpartiet fekk difor kjempa igjennom ei ordning som gjev sletting av studielån på inntil kr 25 000 per år. Ordninga gjeld for tidlegare studentar som er busett i Vest-Telemark, Tinn, Hjartdal og Drangedal i Telemark. Denne ordninga kostar omlag 1 milliard i året. Det gjer det meir attraktivt for folk med utdanning å busetje seg i distriktskommunar. Ein brukar omlag 1,5 % av budsjettet til dette tiltaket. Det er god bruk av pengar for å sikre målet om at heile landet får sin del av studentane som går gjennom vårt utdanningssystem.

I Tinn er det nesten 400 personar som kan søke. Totalt kan det blir sletta opp mot 10 MNOK for folk i Tinn. Denne ordning viser ei solid prioritering av personar som bur i våre kommunar. Siste frist er tysdag 31. mars. Hugs å søke. God påske.

🏷️ Extracted Entities (11)

Tinn (entity) Bergen (entity) Drangedal (place) EU (entity) Hjartdal (place) MNOK (entity) Oslo (place) Telemark (place) Tromsø (place) Trondheim (place) Vest-Telemark (place)