Herold

Innfører aldersgrense på energidrikk

Plus
Kilde: Firdaposten Author: NTB Published: 2025-12-01 10:41:44
Innfører aldersgrense på energidrikk
  1. januar trer aldersgrensa i kraft – no må du vere 16 for å kjøpe energidrikk.

Mattilsynet forklarar i ei pressemelding at grensa er innført for å verna born mot negative helseeffektar av å få i seg for mykje koffein.

– Når born får i seg for mykje koffein, kan det gje søvnforstyrringar, uro, rastløyse, hovudpine og gjera dei avhengige. Det kan også gje alvorlege effektar for hjarte- og karsystemet og sentralnervesystemet. Høgt inntak av koffein på kort tid kan også føra til koffeinforgifting, seier Inger Næsset, direktør for avdeling regelverk og kontroll i Mattilsynet.

Aldersgrensa vil ikkje berre gjelde utsalsstader som matbutikkar og bensinstasjonar, men også til dømes automatar, nettbutikkar og skulekantiner.

– Alle som sel energidrikk har ansvar for å overhalde aldersgrensa og følgja krava i regelverket, seier Næsset.

I regelverket er energidrikker definerte som all alkoholfri drikke som inneheld koffein i mengder over 15mg/100ml. Aldersgrensa gjeld også pulver og tablettar som kan løysast i vatn, men ikkje kosttilskot. Det gjeld heller ikkje kaffi, te eller kakao.

(©NPK)