Herold

No er heile plakaten klar: – Han er den perfekte opninga av laurdagen 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-03-28 11:00:00
No er heile plakaten klar: – Han er den perfekte opninga av laurdagen 

Admiral P kjem til Festidalen.

Med den folkekjære artisten Admiral P på plass, har Daidalos Dahle og Festidalen no spikra heile programmet for Festidalen 2026.

«Endeleg er plakaten klar og våren er rett rundt hjørna. Og du som oss, klør i sjela etter å finna på noko knallstilig utandørs. I år går me all-in på feelgood, og lovar tidenes stemning på Dønhaug», skriv Festidalen i ei pressemelding.

Frå før har dei sikra seg namn som Kjartan Lauritzen, Astrid S, Espen Lind og Gluecifer. Dei skal visa siste gruppespelkamp i VM, mellom Norge og Frankrike, og kjem også no med Admiral P, som skal vera først ut på scena laurdagen.

No er det endeleg klart: – Blir tidenes VM-fest i Kvinnherad

Admiral P har varta opp med fleire hitar dei siste dei siste 15 åra, og er kjend for fengjande reggae på norsk.

«Karen har blitt spelt over 150 millionar gonger, og har snike seg inn under huda på Ola og Kari. Live klinkar han til med energiske og hjartevarme show. Det ryk av scena og dampar av publikum», står det å lesa i pressemeldinga.

Bookingsjef Daidalos Dahle er strålande nøgd med å ha sikra seg Admiral P.

– Han er den perfekte opninga av laurdagen. Folkeleg, smilande og inkluderande. Det blir rytmar, allsong og godstemning frå første sekund. Og du og eg har sjølvsagt fått oss rastalugg til då, seier han.

Har to nye artistar klare: – Sjeldnare å finna enn diamantar

🏷️ Extracted Entities (9)

Festidalen (entity) Daidalos Dahle (person) Astrid S (person) Espen Lind (person) Frankrike (entity) Gluecifer (entity) Kjartan Lauritzen (person) Kvinnherad (entity) Norge (entity)