Herold

– Vi har fått ein del meldingar om snø og glatte vegar

Plus
Kilde: Firda Author: Ina Christin Løvseth Published: 2026-03-28 06:56:32
– Vi har fått ein del meldingar om snø og glatte vegar

Ein skal ikkje langt opp i høgda før ein treffer på snødekte vegar laurdag morgon.

– Vi har fått ein del meldingar om snø og glatte vegar no på morgonkvisten, seier Eva Hegg Berget Grønland.

Ho er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest. Gjennom morgontimane har dei fått ein del meldingar om glatte vegparti i Sunnfjord. Mellom anna er det meldt om litt krevjande forhold på E39 mellom Sande og Førde.

– Entreprenør er kalla ut for å rydde snø, seier ho.

Fredag var den såkalla store utfartsdagen i forbindelse med påske, og det var blant anna sett inn ekstra ferjer ved Lavik-Oppedal. Laurdag er ikkje venta å bli like trafikkert, og det er normal drift ved ferjesambandet, opplyser trafikkoperatøren.

– Enn så lenge ser det greitt ut langs vegane våre. Vi ventar at neste store utfartsdag blir onsdag i neste veke, seier ho.

For dei som eventuelt har planar om å reise dei komande dagane, har trafikkoperatøren nokre råd:

– Planlegg turen godt og sjekk gjerne 175.no for trafikkforhold langs ruta du skal køyre. Elles ta det roleg og køyr etter forholda, avsluttar ho.

🏷️ Extracted Entities (7)

E39 (entity) Eva Hegg Berget Grønland (person) Førde (entity) Lavik-Oppedal (place) Sande (entity) Sunnfjord (place) Vegtrafikksentralen Vest (organization)