Herold

Til minne om Maria Julia Lagomarsino

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Jan Atle Stang, ektemann Published: 2026-03-28 16:00:00
Til minne om Maria Julia Lagomarsino

Maria Julia dÞydde i Oslo 7. mars med dei nÊraste rundt seg. Etter to Är med opp- og nedturar, slik det ofte er nÄr ein lever med ein alvorleg kreftdiagnose, sa hjartet stopp.

Maria Julia var fÞdd i Buenos Aires 28. mai 1959. Ho var den eldste av tre sÞsken, og den einaste jenta. Allereie som ung var ho mÄlbevisst og ansvarsfull, med stor kjÊrleik til litteratur. Ho las raskt og mykje; utan Ä misse grepet om innhaldet. Den litterÊre interessa hennar strekte seg frÄ skjÞnnlitteraturen til filosofi og naturvitskap. Universet fascinerte henne, og kunnskapen om alt som sveva der oppe i det endelause rommet var stor. Ho hadde spesielt respekt for naturvitskapen og dei som utÞver den.

Oppveksten i Buenos Aires gav ogsĂ„ ei sterk interesse for europeisk historie, kunst og kultur. Å reise saman med Maria Julia i Europa var som Ă„ reise med eit levande leksikon. Ho hadde alltid lese seg godt opp. Å besĂžke kyrkjer, museum, galleri og parkar, var obligatorisk. Ja, det kunne til tider vere litt slitsamt, men bĂ„de eg og ungane har lĂŠrt mykje av det.

Maria Julia studerte medisin under militÊrdiktaturet i Argentina. Det var ei brutal tid, der naboar som blei sett pÄ som fiendar av systemet, brutalt vart henta midt pÄ natta. Alle visste at dei aldri kom tilbake. Ho var ein strukturert og pliktoppfyllande student, og starta Ä jobbe som lege 24 Är gammal. Seinare spesialiserte ho seg innan psykiatri.

Eg og Maria Julia mÞttest for fÞrste gong i Florianópolis i Brasil i februar 1989. DÄ arbeidde ho som lege i Posadas, nÊr grensa til Paraguay. PÄ slutten av Äret kom ho til Noreg, berre dagar etter at ho hadde opplevd Berlinmurens fall. Vi budde i ei lita leilegheit i Bergen, og levde pÄ studielÄnet mitt. Maria Julia kom seg raskt inn pÄ eit norskkurs pÄ NygÄrd skole pÄ starten av 1990, og innimellom all pugginga gifta vi oss 2. mars. Ho lÊrte seg norsk pÄ rekordtid, og starta Ä jobbe som lege i FÞrde i august same Är.

Medan vi budde i FÞrde fekk vi tre born. I 1997 flytta vi til FlorÞ, der Maria Julia jobba som psykiater pÄ sjukehuset.

Ved kommunevalet i 1999 vart ho vald inn i bystyret i Flora for Arbeidarpartiet, som den fÞrste folkevalde representanten med innvandrarbakgrunn. DÄverande ordfÞrar KolbjÞrn Dyrli markerte hending med flaggheising pÄ rÄdhuset og saka fekk stort oppslag bl.a. i Kommunal Rapport.

Seinare arbeidde Maria Julia som psykiater pÄ Rutlin i Sogndal, fÞr ho starta eigen praksis i Bergen sentrum. I 2017 flytta familien til Oslo, der ho etablerte ny praksis pÄ Brynklinikken.

SjĂžlv om Maria Julia elska storbyen, ho vaks trass opp i sentrum av Buenos Aires med fleire millionar innbyggjarar, stod Vestlandet alltid hjartet hennar nĂŠrt. Huset vĂ„rt i Stongfjorden, familien, fjorden, havet og turane i naturen betydde mykje for henne. Ho elska Ă„ gĂ„ tur – og sjĂžlv sterkt prega av sjukdom heldt ho fast pĂ„ den daglege turen i gata vĂ„r. Ho speida alltid etter sola, og sĂ„g ho ein liten solflekk mĂ„tte vi oppsĂžke den.

Maria Julia snakka ikkje ofte om det, men ho hadde ofra mykje ved Ä flytte sÄ langt frÄ heimlandet sitt. Samstundes angra ho aldri pÄ valet sitt. Ho reiste kvart Är til Argentina for Ä besÞke familie og venner, alltid saman med ein eller fleire av oss i familien. I 2011 budde vi alle fleire mÄnader i Buenos Aires, slik at heile familien skulle fÄ oppleve byen, kulturen, tangoen og maten som betydde sÄ mykje for henne.

Ho var ogsÄ opptatt av at vi skulle bli kjende med slekta utanfor byen, der nokre dreiv store farmar med tusenvis av anguskyr. Her kunne vi delta i gardsarbeid, ri rundt pÄ pampasen, og delta i store tradisjonelle familiemÄltid. Maria Julia gledde seg over at vi fekk kjennskap til storfamilien og til denne delen av livet hennar.

Maria Julia var ogsÄ ein habil biletmÄlar. Ho likte Ä mÄle figurative motiv i sterke fargar, ofte kystlandskap. Ho heldt pÄ med dette heilt til handa ikkje lenger greidde Ä halde penselen stÞdig.

Men fĂžrst og fremst var Maria Julia eit varmt, kreativt og aktivt familiemenneske. Ho elska familien sin – i Oslo, pĂ„ Vestlandet, i Buenos Aires og i Zaragoza, Spania. Men aller viktigast for henne var dei tre borna vĂ„re og dei to barneborna. For dei gjorde ho alt.

Det som var tyngst for henne dÄ ho fekk kreftdiagnosen, var tanken pÄ Ä mÄtte forlate familien. Vi er likevel trygge pÄ at ho pÄ det siste visste at vi var rundt henne, slik vi har vore gjennom veker og mÄnader.

Familien vil til slutt takke helsevesenet vÄrt for den gode behandling, omsorg og stÞtte Maria Julia, og vi pÄrÞrande, har fÄtt gjennom denne sjukdomstida. OppfÞlginga frÄ Diakonhjemmet sjukehus, lindrande avdeling pÄ Lovisenberg og Solvang; og heimetenesta i Frogner bydel har vore heilt fantastisk. Stort takk ogsÄ til FÞrde sentralsjukehus, der Maria Julia mÄtte feire si siste jul.

Og ikkje minst: Takk til familie, venner og alle som har vist stÞtte og omsorg i denne krevjande tida. BesÞk, meldingar og telefonar har betydd mykje. Maria Julia sette stor pris pÄ denne merksemda.

Te amo! Siempre estarĂĄs en mi corasĂłn.

đŸ·ïž Extracted Entities (30)

Maria Julia Lagomarsino (person) Buenos Aires (place) Julia (entity) FÞrde (entity) Oslo (place) Argentina (entity) Bergen (entity) Vestlandet (entity) Berlinmurens (entity) Brasil (entity) Brynklinikken (entity) Diakonhjemmet (entity) Europa (entity) Florianópolis (entity) FlorÞ (entity) Frogner (entity) KolbjÞrn Dyrli (person) Kommunal Rapport (person) Lovisenberg (place) Noreg (entity) NygÄrd (entity) Paraguay (entity) Posadas (entity) Rutlin (entity) Sogndal (place) Solvang (entity) Spania (entity) Stongfjorden (entity) Takk (entity) Zaragoza (entity)