Skal ha slått til kompisen med balltre
Plus
(FIRDAPOSTEN): Natt til laurdag fekk politiet melding om ein episode mellom to personar i Florø sentrum.
– Fornærma og mistenkte kjende kvarandre frå før, begge er menn i 50-åra. Fornærma ringde politiet og opplyste at han var blitt slått med balltre i den eine foten. Han framstod berusa, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Ein patrulje i nærleiken drog til staden og trefte dei to.
– Dei har som nemnt kjent kvarandre frå før. Kva som er årsaka kjem ikkje fram, men noko har fått den eine til å slå til den andre. Det var ingen skader eller merke på fornærma. Han blei oppmoda til å melde forholdet om han følte behov for det, seier Kolltveit.
🔗 Published by 2 sources - Compare:
🏷️ Extracted Entities (3)
Frode Kolltveit
(person)
FIRDAPOSTEN
(entity)
Florø
(entity)