Herold

Den siste tida har det vore fleire terrengbrannar i fylket

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Øystein Folden Published: 2026-03-27 06:11:33
Den siste tida har det vore fleire terrengbrannar i fylket

Tid for ein prat om kystlynghei?

Du leser nÄ et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Den siste tida har det vore fleire terrengbrannar i fylket. Mest inntrykk gjorde brannen ved Sukkertoppen i Ålesund. NĂ„r brannen gĂ„r framover pĂ„ brei front, er det ikkje sĂ„ mykje som kan gjerast. Etter kvart gjekk intensiteten pĂ„ nordsida ned. Ein del av fronten gjekk over til punkt og ein kunne sjĂ„ hovudlykter som smĂ„ punkt der mannskap slost med flammane og glĂžrne. DĂ„ dagslyset overtok, kom helikopteret og bomba med vatn nĂ„r det ikkje var for mykje vind. Det gjorde nok godt for husa pĂ„ sĂžrsida av Sukkertoppen. Etter enno eit par dagar, kunne alle flytte heim. Faren var over. For denne gongen. Bybrannen for meir enn 100 Ă„r sidan og brannen pĂ„ Sukkertoppen kunne ha hamna pĂ„ same lista, men denne gongen var hellet med oss.

Det er mange som bur slik til at dei har skog og lyng kring hus og heim. Kan det bli fleire slike brannepisodar? Tenkjer vi etter, sÄ hadde vi nokre brannar i 2014, ein vinter det var mykje vind og lite nedbÞr. Det er berre ti Är sidan, og den gongen var det ingen som kunne minnast noko liknande.

Det har vore nÊre pÄ fleire plassar i fylket vÄrt. BÄde SmÞla og Aukra har hatt sine episodar og heile fjellsider pÄ SunnmÞre har vore svarte.

Eit felles trekk i alle desse brannane er kystlynghei. Det har brent i grov lyng. Det har brent i smÄskog der det tidlegare har vore kystlynghei. Der kystlyngheia ikkje har vore brent pÄ nokre tiÄr, har villbrannar blitt mykje meir alvorleg og vanskelegare Ä slokke.

Kystlyngheia er ein del av Vestlandet sitt matkammer og beredskapslager. Stell av kystlynghei ved regelbunde sviing gjer at sau og delvis storfe kan gÄ ute heile Äret og i stor grad finne mat sjÞlve. Folk har overlevd pÄ fjordfiske og kystlynghei fÞr.

Ei stelt kystlynghei har lite med grov lyng, buskar og tre. Kort og ung lyng brenn mindre intenst og er lettare Ä slokke. Etter 50 Är eller meir er det no mykje lynghei som skrik etter Ä bli svidd pÄ gamlemÄten. Naturtypen kystlynghei er kritisk truga. Det er fleire gerasjonar med grunneigarar som aldri har svidd lyng. No mÄ ein lÊre kunsten pÄ nytt.

Det er ikkje like lett som fÞr Ä svi kystlynghei. Det har kome opp sÄ mange hus bÄde i kystlyngheia og rundt ho. NÄr lyngen som kan brenne stÄr grov oppetter skrÄningane og pÄ toppen ligg det eit hus med god utsikt, dÄ er den enkle svijobben gjort om til ei arbeidskrevjande manuell rydding som stadig mÄ gjentakast. Der det fÞr var ei grÞft, kan det no vere ei trerekkje med sitkagran. Det gjer ikkje saka enklare, nÄr det stÄr ein garasje inntil trerekkja litt lenger bort.

Det er tid for Ä tenkje kystlynghei. Vi mÄ disponere kystlyngheiareala vÄre slik at dei kan brukast og beitast til fordel bÄde for naturen, landbruket, friluftslivet og branntryggleiken.

Vil du skrive i PÄ trÄden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

đŸ·ïž Extracted Entities (11)

Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Sukkertoppen (entity) Leserinnlegg đŸ·ïž (keyword) MENINGER đŸ·ïž (keyword) Aukra (entity) Nordvest (entity) SmĂžla (entity) SunnmĂžre (entity) Vestlandet (entity) Ålesund (place)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg
Keywords: Meninger, Leserinnlegg